Opprør mot nytt skatteforslag: – Ei krigserklæring mot Distrikts-Noreg

Ordførarar fleire stader i landet rasar over eit nytt forslag om å fjerne milliardinntekter direkte frå vasskraft. – Eit klart brot på ein 100 år lang samfunnskontrakt, seier ordførar.

Ordfører Anved Johan Tveit i Eidfjord

KRITISK: Eidfjord-ordførar Anved Johan Tveit (Sp) er blant ordførarane som er kritisk til det nye skatteforslaget. – Ein svært alvorleg situasjon, seier han.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Måndag morgon fekk finansminister Siv Jensen (Frp) ein rapport frå eit utval ho sjølv sette ned i 2018. Rapporten skulle gå gjennom skattesystemet for norske vasskraftverk.

Utvalet foreslår mellom anna å kutte ordningar som gir kommunane direkte inntekter.

Etter framlegginga sa Jensen til NTB at det ikkje var noko i forslaget frå utvalet som ville hindre at kraftinntektene til kommunane ville haldast på dagens nivå.

Forslaget får likevel ordførarar over heile landet til å reagere, deriblant Karstein Totland (H) i kraftkommunen Masfjorden.

– Eg vil kalle forslaget nærmast ei krigserklæring mot Distrikts-Noreg. Den rammar samfunnskontrakten som vi inngjekk i si tid då vi starta å bygge ut desse vassdraga, seier han.

– Vasskraften er basert på ein avtale kor vi stiller vårt areal til disposisjon – i vårt høve ofrar vi lakseelver – mot at ein større kommune og fylke får lov til å bygga ut for å sikre straumforsyning. Det var viktig og er kanskje det som har vore viktigast for å bygge opp landet vårt slik det er i dag.

Karstein Totland på opninga av Matre kraftverk i 2016.

ORDFØRAR: Masfjorden-ordførar Karstein Totland på opninga av Matre kraftverk i 2016.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vil fjerne særskattar

Utvalet foreslår å fjerne ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Konsesjonskraft er kraft kommunane får frå kraftverka, til ein lågare pris utanfor marknaden. Konsesjonsavgifta er ei årleg avgift kommunane får.

I tillegg ønsker utvalet å normalisere eigedomsskatten for vasskraftverk, som i dag er rekna ut frå eigne reglar.

I staden vil utvalet sjølv omfordele inntektene gjennom ein naturressursskatt, samt auke grunnrenteskatten frå 37 til 39 prosent.

Hadde desse endringane skjedd over natta, hadde Masfjorden måtte kutta mellom 35 og 40 millionar kroner, anslår Masfjorden-ordførar Totland.

– Det betyr ein skule, ei kyrkje og ein heil del andre tilbod som forsvinn. Naturressursskatten går inn i inntektsgrunnlaget og blir fordelt på alle kommunane, ikkje kommunane med kraftverk, seier han.

Brulandsfossen kraftverk

KRAFTVERK: Brulandsfossen kraftverk i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Over 100 år gammalt prinsipp for fall

Aurland-ordførar Noralv Distad (H) påpeiker at prinsippet om at kraftkommunane skal få pengar for å stille areal til disposisjon, har lege fast sidan vassdragsreguleringslova blei innført frå 1917.

– Det er eit heilt klart brot på samfunnskontrakten vi som kraftkommune har hatt med storsamfunnet i over 100 år. Vi skal ha vår rettkomne del av verdiskapinga, seier Distad.

Han meiner at dei ekstra inntektene dei får veg opp for naturinngrepa.

Utvalet meiner at konsesjonskraft, konsesjonsavgift og eigedomsskatt har verka uheldig, sidan desse ikkje baserer seg på lønnsemd. Det svekker insentiva selskapa har til å investere, meiner utvalet.

Sjølv skulle Distad sett at grunnrenteskatten blei sette ned. Det meiner han hadde gjort det lettare for krafteigarar å gjennomføre nye prosjekt.

– Så gjer dei det motsette. Eg er veldig overraska og skuffa, og håpar at forslaget blir lagt til side.

Noralv Distad

KRITISK: Aurland-ordførar Noralv Distad (H) meiner at forslaget vil innebere eit brot på samfunnskontrakten mellom kraftkommunane og storsamfunnet.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Meiner Oslo vil vinne på nye reglar

175 kommunar i Noreg har til saman mellom fire og seks milliardar kroner i årlege kraftinntekter.

– 175 norske kommunar som er vertskommunar for kraftutbygging får dette fråfallet i inntekt. Dei som ikkje vil få det er store kommunar som Oslo, som ikkje har eit einaste kraftverk, seier ordførar Elias Sperstad (Sp) i Skjåk kommune.

– Eg reagerer veldig på dette. Det verkar dramatisk for distriktskommunane i Noreg som blir ramma. Dette er eit angrep på ein rett og inntekter som vi har hatt i mange år, seier Rune Støstad (Ap), ordførar i Nord-Fron.

I Eidfjord i Hordaland er vel halvparten av skatteinntektene er relatert til kraftverket, ifølgje ordførar Anved Johan Tveit (Sp). Han er sterkt kritisk til forslaget frå utvalet.

– Dette er ein svært alvorleg situasjon. Eg kan nesten ikkje sjå for meg at dette kan bli det endelege resultatet. Det vil bety at vi må snu på kvar krone og i realiteten legge ned tenester og gi eit dårlegare tilbod til innbyggjarane, seier Tveit.

Ordførar Jon Rolf Næss (Ap) i kraftkommunen Bykle i Aust-Agder reagerer og kraftig.

– Dette er rett og slett frykteleg dramatisk. Det er ikkje til å tru. Med dette kan vi miste minst 50 millionar kroner i inntekter i året. Dei fjernar minst ein femtedel av budsjettet vårt i eit jafs. Dette kan vi ikkje leve med, seier Næss.