Hopp til innhold

– Dette er i toppen på skalaen av ille

Statens vegvesen er ikkje nådige mot sjåføren som køyrde med 1000 kilo ammoniumnitrat utan løyve i ein umerka bil utan godkjenning.

Statens vegvesen stoppa umerka lastebil med svært farleg gods.

FEKK POLITIESKORTE: Etter at køyretøyet blei stans på E39, tilkalla Statens vegvesen politiet for å eskortere bil og last til ein trygg stad.

Foto: Statens vegvesen

– Både føraren av bilen og firmaet som eig bilen er melde til politiet, seier inspektør i Statens vegvesen, Svein Ove Salt.

Ammoniumnitrat er eit svært ustabilt, brannfarleg og eksplosivt stoff når det blir behandla feil. Eksplosjonen i Beirut 4. august 2020 skjedde då store mengder av dette stoffet gjekk i lufta.

Difor er det også svært strenge reglar for kven som kan køyre lass med dette og korleis bilane skal merkast.

Fleire manglar

På E39 på Langeland i Førde var ingen av delane på plass, fortel ein lettare sjokkert inspektør i Statens vegvesen, Svein Ove Salt.

– Dei verste med det køyretøyet er at det er ein memu, ei mobil eksplosiv produksjonseining. Det vil seie at dei har med seg utstyr til å produsere eksplosiv om bord som dei kan levere direkte i borehol på ein anleggsplass, fortel Salt.

I rapporten som Statens vegvesen skreiv etter at bilen blei stoppa kjem det fram fleire kritiske punkt:

  • Køyretøyet hadde ikkje gjennomgått årleg godkjenning slik det skal gjere. Det var nesten eit år sidan godkjenninga var gått ut.
  • Føraren ikkje hadde kompetansebevis, har aldri hatt det og skulle følgeleg aldri køyrd eit slikt køyretøy.
  • Køyretøyet var ikkje korrekt merka. Det skulle ha vore merka med faresedlar på begge sider og bak. I ei eventuell ulukke så vil brann/ redning og eventuelt andre som kjem til staden vere utsett for veldig stor fare. Dei veit då ingenting om kva stoff dette køyretøyet frakta.

Kraftig eksplosjon

Sist det var eit sprengingsuhell med eit slikt køyretøy i Noreg var på Drevja i Nordland i 2013. Då gjekk ein memu-lastebil fullasta med sprengstoff i lufta i eit steinbrot.

– Eksplosjonen var opp mot 15 ganger så kraftig som bomba som gjekk av i regjeringskvartalet i Oslo, sa Steinar Livik, prosjektleiar i Statens vegvesen den gongen.

Nedfall frå eksplosjonen gjorde store skader og tende eit bustadhus fleire hundre meter vekke frå eksplosjonen og det måtte setjast opp ei sperresone på éin kilometer rundt staden.

– Berre tenk om noko slikt hadde skjedd ute på offentleg veg, seier Salt i Statens vegvesen.

NRK veit at bilen med eksplosiv er i bruk i samband med eit anleggsarbeid i Sogn og Fjordane.

Vi har gjort ei rekke forsøk på å få ansvarlege i det aktuelle firmaet i tale, utan å lukkast førebels.

Lastebil med 15 tonn sprengstoff brenner i Drevja

STOR SMELL: Ein lastebil med 15 tonn sprengstoff tok fyr og eksploderte i Drevja i Nordland i 2013.

Foto: 03030-tipser

– Svært alvorleg

I Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er ei tydelege på at dei forventar at all transport med farleg gods følger gjeldande regelverk.

– Vi ser svært alvorleg på ein transport som blir gjennomført utan naudsynt kompetanse, merking og godkjenning. Denne typen transport er strengt regulert som følgje av risikoen farleg gods kan utgjere.

Det seier seksjonssjef Brit Skadberg i seksjon for kjemikalietryggleik i DSB.

– Dette er eit stoff med oksiderande eigenskapar, kan forsterke ein brann, og som under bestemte tilhøve kan vere eksplosjonsfarlig, slår ho fast.

Svein Ove Salt i Statens vegvesen seier til NRK at han er glad for at dei fekk stoppa køyretøyet.

– No blir det opp til påtalemakta å avgjere kva dei skal få i straff.

– Kor alvorleg ser de på dette?

– Dette er i toppen av skalaen av ille.