Hopp til innhold

Køyrar du offpiste må du tenkje på snøskredfaren

NVE oppmodar i år alle som vel å køyre utanfor preparerte løyper om å sjekke skredfaren og skredterrenget.

Vurderer å forby Off Piste-kjøring

PÅ EIGE ANSVAR: NVE ber deg sjekke skredvarsla før du køyrer utanom merka løyper.

Foto: Colorbox

Når snøen ligg der jomfrueleg og kvit kan det vere freistande å køyre utanfor dei preparerte løypene når du er i eit alpinanlegg.

Vel ein å gjere det, er det viktig å vere klar over at ein kan utsetje seg sjølv for snøskredfare, seier snøskredvarslar Emma Julseth Barfod i Noregs vassdrag og energidirektorat.

For det er ikkje berre på toppturar høgt til fjells og langt frå alle skiløyper at du kan møte skredfarleg terreng. Også rett utanfor preparerte alpinbakkar kan du fort hamne i skredterreng.

– Det er det viktig å vere klar over. Det er lett å følge andre sine spor utan å tenke seg om, og då kan ein fort hamne i skredterreng, seier Barfod.

På eige ansvar

– Køyrer du utanom merka løyper køyrer du på eige ansvar, understrekar Camilla Sylling Clausen, som er generalsekretær i Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar, understrekar.

Camilla Sylling Clausen, daglig leder i Alpinanleggenes Landsforening

Camilla Sylling Clausen er generalsekretær i Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar.

Foto: PRIVAT

Dei ser at mange av skigjestene som vitjar alpinanlegga også likar og ferdast utanfor dei merka og sikra løypene, såkalla offpiste. Ho seier det kan verke som om gjestene trur at det er tryggare når ein er i nærleiken av eit alpinanlegg.

Dette stemmer ikkje. Alpinbransjen har difor eit moralsk ansvar for å bidra til å informere gjestene om kva farar det inneber, Clausen.

Vil opprette eige skredsenter

Ved Hoddlekve skisenter i Sogndal har dei ambisjonar om å få plass eit eige skredsenter til neste år. På sine heimesider marknadsførar skisenter også moglegheitene for mange flotte offpiste-turar. Det gjer at kjenner dei på eit ekstra ansvar seier Tor Yttri.

Tor Yttri

Tor Yttri ved Hoddlekve skisenter i Sogndal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi prøver så godt vi kan å minne om at folk omsyn til skredvarsel, og særleg på dagar der vi veit at ein ikkje bør oppsøke skredterreng.

Han seier dei Sogndal er heldige med at dei kan dra vekslar på eit stort og godt fjellførarmiljø.

– Og så er det ein streng indre justis i skimiljøet som er raske til å påtale om nokon strekker strikken for langt.

Freistande men farleg

Hemsedal er ein av dei store og populære skidestinasjonane i sør-Noreg. Her kan gjestene boltre seg i eit utal av preparerte løyper, men mange ynskjer også å køyre utanom dei merka områda, med den risikoen det kan innebere.

31. desember 2022 omkom ein mann i 50-åra etter å ha blitt tatt av snøskred i eit populært område for frikøyring i Hemsedal.

Ulukka skjedde i nærleiken av skisenteret, men utanfor skisenteret sine løyper.

Andreas Smith-Erichsen

Andreas Smith-Erichsen er dagleg leiar i Skistar Hemsedal.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Det var ei tragisk hending, seier Andreas Smith-Erichsen, som er dagleg leiar i Skistar Hemsedal.

Han understrekar likevel at ansvaret til skianlegga er innfor dei oppmerkte og preparerte sonene.

Han har inntrykk av at folk jamt over er flinke til å respektere skredvarsel.

– Skal ein køyre utanom merka løyper må ein ha kunnskap om køyring i slikt terreng, eller vere saman med folk som har det.

Fire gode råd

Skikøyring utanfor preparerte løyper inneber risiko, og saman med snøskredvarslinga i Varsom har alpinbransjen utarbeidd nokre gode råd til dei som vil køyre utanom dei merka løypene.

– På same måte som når ein går topptur så er det viktig å tenke tryggleik, og å følge desse fire råda, seier Clausen.

  1. Sjekk snøskredfare og skredterreng i Varsom-appen. Sett deg inn i dagens skredproblem og unngå område der skredproblemet er til stades. Skred kan losne i terreng som er 30 grader og brattare. Faren for skred er ofte størst i skoggrensa.

Les meir om skredterreng her.

  1. Køyr alltid med skredsøkar, spade og søkestong. Det er viktig å trene på å bruke utstyret, så redninga går raskt dersom du eller turkameraten din blir tatt av snøskred. Vi tilrår også å ha med førstehjelpsutstyr, eit ekstra varmt plagg og feller i sekken. Med feller kan du raskare nå fram til den som er tatt av skred. Tida er spesielt kritisk når ein er gravlagt under snøskred. Ballongsekk kan hindre deg i å bli gravlagt.

Les meir om skredutstyr her.

  1. Køyr fleire saman. Ein og ein ned bratte heng. Dersom du blir gravlagt i snøskred er du avhengig av at nokon finn deg raskt, helst innan 15 minutt, for at du skal kunne overleve. Når de køyrer ned bratte heng, kor det er fare for at skred kan losne, må de difor berre køyre ein og ein, slik at ikkje begge risikerer å bli gravlagt. Husk også å stoppe berre på trygge og oversiktlege stadar.
  1. Vurder terrenget rundt deg. Er du i ei terrengfelle? Terrengfeller er til dømes ein bekkedal, klipper, skog og liknande som fort vil forverre konsekvensane ved eit eventuelt skred. Spør deg sjølv: Kva skjer dersom det losnar eit skred her?

Les meir om terrengfeller her.

Les også Advarer mot stor skredfare i store deler av landet: – Svært lett å løse ut store skred

Bilde av testing av skredprofil i Salten.