Hopp til innhold

Koronasmitta barn får intensivbehandling: Hadde ingen underliggande diagnose

Barnet under 17 år som får behandling på Haukeland sjukehus har fått påvist sjeldan seinreaksjon etter covid-19.

Haukeland universitetssykehus.

Det er i dag meldt om eit barn som får intensivbehandling på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

SISTE: Tysdag morgon meldar Helse-Bergen at barnet no er ute av intensivbehandlinga på Haukeland universitetsjukehus.

Den 23. november er det ni innlagde pasientar i Helse Bergen. Av desse er det fire som får intensivbehandling. Det er ein meir sidan i går.

Ein av pasientane som får intensivbehandling er eit barn, melder Haukeland universitetssjukehus.

I ei pressemelding måndag ettermiddag opplyser sjukehuset at barnet har vore frisk før det fekk covid-19.

– Barnet som er innlagd på intensivavdelinga har ingen underliggande diagnose, men er ramma av ein kjent følgjetilstand av covid-19-infeksjon, uttalar klinikkdirektør ved Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus, Ansgar Berg i ei pressemelding.

MIS-C: Sjeldan seinreaksjon

Opplysinga om barnet er gjeve i samråd med familien.

Barnet har fått eit sjeldant syndrom som oppstår hos nokre sjuke barn og unge, opplysar Haukeland.

Det har frå midten av april 2020 kome rapportar frå fleire land om ei lita auke i sjukehusinnleggingar av barn og unge knytta til ein følgjetilstand av COVID-19 infeksjon.

Følgjetilstanden blir kalla Multisystem Inflammatory Syndrome in Children (MIS-C).

Tilfelle av dette var registrert hos norske barn i juni, skreiv Aftenposten då.

– Under den pågåande COVID-19 pandemien har dei fleste barn som har vore smitta vist seg å ha eit mildt sjukdomsforløp, seier Berg.

Han forklarar seineraksjonen nærare slik:

– Følgjetilstanden er knytt til aktivering av ein generell immunreaksjon i kroppen som hos nokre barn vil kunne krevje medisinsk behandling og i sjeldne tilfelle intensivbehandling. Tilstanden er kjend internasjonalt og behandling er tilgjengeleg.

Seks unge på intensiv sidan mars

Det er berre få dagar sidan eit barn med koronarelatert sjukdom døydde på sjukehuset.

Dette var det fyrste koronarelaterte dødsfallet blant born i Noreg. Barnet hadde ein alvorleg bakanforliggande diagnose.

FHI sine rapportar viser at det totalt har vore 30 pasientar under 20 år innlagde med koronasmitte sidan mars på norske sjukehus. Tala gjeld frå mars til 15. november.

Når det gjeld intensivavdeling har det i same tidsrom vore seks personar under 30 år på intensivbehandling på norske sjukehus. Men spennet på dei er ikkje opplyst i FHI sine tal.

Sjeldan alvorleg sjukdom blant unge

Foreldre og barn skal ikkje uroa seg for mykje for alvorleg koronasjukdom, meiner leiar i Norsk Barnelegeforening, Elisabeth Selvaag. Ho uttalar seg på generelt grunnlag om koronasjukdom blant barn og unge.

– Det er uhyre sjeldan at barn blir alvorleg sjuke av covid-19. Dei som blir det har stort sett alvorleg sjukdom eller funksjonsnedsetjing som gjer at dei toler virusinfeksjonar dårlegare, seier ho.

Kva er alvorleg sjukdom i denne samanhengen?

– Når ein snakkar om svært alvorleg sjukdom, så er det i all hovudsak snakk om alvorleg funksjonsnedsetjing som til dømes medfødde syndrom og nevrologisk sjukdom, seier Selvaag.

– Vanlege, kroniske tilstandar som til dømes diabetes og astma er normalt ikkje risikofaktorar for alvorleg sjukdom blant barn, legg ho til.