Hopp til innhold

Kapasiteten er sprengt – slik skal norske sjukehus få hjelp

Ny instruks frå Helsedirektoratet skal letta trykket på laboratoria. No treng dei ikkje varsla kommunane ved kvart enkelt positive tilfelle.

Koronalaben på Haukeland universitetssjukehus

HEKTISKE DAGAR: Rundt 20 prosent av prøvane laboratoriet på Haukeland får inn er positive. Ifølgje laboratoriesjefen betyr det mykje meirarbeid.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Helsedirektoratet sende i dag ut eit brev med tiltak som kan bidra til å letta arbeidsmengda for laboratoria.

I brevet, som har NRK har fått tilgang til, heiter det at det no er «tilstrekkeleg at laboratoriet [ ...] sender oversikter med analysesvar dagleg.»

Brevet er så langt sendt til kommunane og dei regionale helseføretaka, som i sin tur skal senda det vidare til mikrobiologiske laboratorium landet rundt. Statsforvaltarane er med på kopi.

– Fram til nå har vi klart å svara ut det meste i Noreg på under eitt døgn, men no er det fleire dagar, to-tre dagar. Det er veldig uheldig, seier Espen Rostrup Nakstad, assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet.

I dag ringjer laboratoria til kommunane ved kvart positive prøvesvar.

Dette brukar dei veldig mykje tid på når det er så mange positive, seier Trude Andreassen, leiar for prosjektgruppa TISK i Helsedirektoratet.

Men det slepp dei altså no.

No vert telefoneringa erstatta av ein elektronisk oversikt som vert sendt direkte til kommuneoverlegane.

Seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, Trude Andreassen.

TISK: Trude Andreassen er leiar for prosjektgruppa TISK i Helsedirektoratet.

Foto: Elisabeth Jakobsen

Ser på fleire mulige tiltak

I tillegg heiter det i brevet at svartida til prøvar teke for smittevernformål kan utvidast til 48 timar. Dette gjeld for til dømes nærkontaktar utan symptom, for å bekrefta positive sjølvtestar eller smittesporing.

Helsemyndigheitene ser og på fleire tiltak som kan letta arbeidsmengda for laboratoria.

Det eine er å finna ei løysing som gjer at folk sjølv kan registrera ein positiv test heime, opplyser Nakstad.

– Det andre er om me kan erstatta PCR-testar med hurtigtestar for å stadfesta at du kan gå ut av karantene om du testar negativt, seier han.

Pressekonferanse om koronasituasjonen i Norge

FLEIRE TILTAK: Det blir no vurdert fleire tiltak som kan gjera arbeidsmengda for laboratoria mindre, opplyser assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Kolossalt mykje meirarbeid

Den nye instruksen er godt nytt for Elling Ulvestad, som er avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

– Det er rimeleg hektisk. Rundt 20 prosent av prøvane me får inn er positive. Det betyr kolossalt mykje meirarbeid, særleg når me skal analysera variantane, seier han.

På laboratoriet hans har det blitt stadig meir å gjera etter kvart som smittetala held fram med å auka.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 311 koronatilfelle per dag i Bergen. Smittetala er høge i resten av landet, med over 27.000 nye koronasmitta den siste veka.

– I dag ligg me heilt i grenseland. Det er såpass mange prøver at me kan bli hengande etter ved sjukdom eller ved svikt i ei maskin. Det ønskjer vi ikkje. Me planlegg akkurat no å auka kapasiteten, mellom anna ved å tilsetja fleire bioingeniørar og kjøpa inn meir utstyr, seier Ulvestad.

Elling Ulvestad, avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus

LABORATORIESJEF: Elling Ulvestad er avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Heilt i grenseland

Fleire laboratorium har meldt om utfordringar med å ta unna prøvemengda.

Årsaka er at så mange av prøvene er positive. Når det er mange negative prøvar, kan laboratoria slå saman fire og fire prøvar og raskt analysera dei. Når ein stor andel er positive, må alle prøvane analyserast kvar for ein.

I tillegg til analysane må dei tilsette ved laboratoriet òg varsla smittetilfellet vidare til dei som har sendt inn prøvane.

– Me ser at talet på utførte analysar i laboratoria har stige åtte veker på rad. Me forstår at laboratoria førebels klarar det, men dei ligg nok oppe i det øvre sjiktet for kva dei klarar å handtera, seier Trude Andreassen.