Hopp til innhold

Sjukehus gjennomfører 150 legetimar på video dagleg

FØRDE (NRK): Legetime på video har i rekordfart blitt ein del av helsekvardagen. – Dette kjem til å forandre norsk helsevesen, seier Merete Johansen.

Videokonsultasjon med fastlege

VIDEOKONSULTASJON: Legetime på video er i rekordfart blitt ein stor del av helsekvardagen. På skjermen er fastlege Andres Borkamo.

Foto: Steinar Lote / NRK

Grunna nye rutinar og smitteverntiltak kan ikkje folk oppsøke helsetenestene som før.

Samstundes sit hundrevis av tilsette i helsevesenet på heimekontor på grunn av strenge smittevernreglar.

Men det finst håp og løysingar. No har bruken av videokonsultasjonar tatt heilt av.

– Berre hjå oss utfører vi no 150 pasientkonsultasjonar med video kvar dag, seier Merete Johansen som er prosjektleiar i Avdeling for klinisk IKT ved Nordlandssykehuset.

– Eit godt alternativ

Også fastlegane er i full gang med å møte pasientane via video på mobil, pc eller brett.

Frå å vere noko som tidlegare berre har blitt testa ut, har det i rekordfart blitt ein stor del av helsekvardagen.

– Dette er den beste løysinga med tanke på situasjonen som vi no er i, særleg med omsyn til smittevern, seier Andres Borkamo ved Førde legesenter i Sunnfjord.

Pasientar som ynskjer videokonsultasjon får anten ein sms eller e-post frå legen med invitasjon til videosamtale, deretter trykker ein på lenka eller limer den inn i nettlesar.

– Det er både enkelt og sikkert for pasientane å bruke denne tenesta.

No nyttar legar videotenestar over mobiltelefon for å snakke med pasientar. Intervju med lege over telefon. NÆ og portrettbilete av journalist.

No nyttar legar videotenestar over mobiltelefon for å snakke med pasientar. Journalist Ina Christin Løvseth fekk prøve tilbodet med fastlege Andres Borkamo på skjermen.

Hundrevis av tilsette er heime – tar mot pasientar likevel

– Vi er i ein prekær situasjon der vi må førebu oss på det som kjem, seier Lars Erik Hansen, som er leiar for senter for Klinisk støtte og dokumentasjon ved Nordlandssykehuset HF.

Av omsyn til smittefare er 153 tilsette isolert og 413 tilsette i karantene i helseføretaket, i tillegg er det strenge restriksjonar slik at så få menneske som råd skal innom sjukehusa.

– Videoløysingar gjer at pasientar som har time på poliklinikkane likevel kan følgast opp, sjølv om både lege og pasient er heime, seier Hansen.

Dei attståande legane og sjukepleiarane som er på sjukehuset kan dermed konsentrere seg om resten av drifta.

Ofte er målet for ein legetime samtale og oppfølging der det ikkje er naudsynt med undersøking.

– Vi tar inn dei pasientane vi må, men eit stort tal pasientar har vi fått over på videokonsultasjon. Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar, seier Hansen.

Nedslagsfeltet til Nordlandssykehuset er åtte timar med bil mellom ytterpunkta, også i framtida kan pasientane sleppe å reise langt.

– Ein kan berre tenke seg innsparingane for helseføretak med lange avstandar, seier Merete Johansen.

Videokonsultasjon med fastlege

TRYGT: – Tenesta er godkjent og heilt trygg for pasientar med tanke på sikkerheit, seier fastlege Andres Borkamo om videotenesta.

Foto: Steinar Lote / NRK

Har eksplodert

Fleire selskap fortel om enorm auke i bruken av videokonferanseutstyr både til bedrifter og helsetenesta.

Delvis Telenor-eigde Videonor, med hovudkontor i Måløy i Nordfjord, har på rekordtid hatt ei auke på 600 prosent, fortel kundeansvarleg Monica Refvik.

– Eine dagen denne veka hadde vi ein topp på 225 000 møter, seier Refvik.

Også helseminister Bent Høie oppmodar helsepersonell til å ta i bruk videokonferansar.

– Det har vore ei stor auke i tal på videokonsultasjonar i helsetenesta. Mellom 4000 og 4500 av landets 4800 fastlegar har videoløysing tilgjengeleg, seier Høie til NRK.