– Det er så mange surfarar her no. Eg var å surfa her for ei veke sidan, og det var rundt 30 menneske i vatnet, seier Magnus Bettum Flatebø.
Han driv ein surfebutikk i bygda Ervik på Stad i Vestland. Vanlegvis pleier han å surfe i utlandet på denne tida av året («eg tykkjer vinteren her er så lang»), men i år har han pent vore nøydd til å vere heime.
I nabobygda driv Torkild Strandvik Stad Surfing. Han har observert det same.
Det som pleier å reise til «Portugal, Marokko og liknande» når nettene blir lange, kjem i staden til Stad.
– Det er nok fordi det er reiseforbod, seier han.
HELDE SEG VARME: Torkild Strandvik og Gry Hansen seier at det ikkje er så kaldt i sjøen no. – Rundt 10–12 grader, men du har ei våtdrakt som halde deg varm, seier Hansen.
Foto: PrivatFleire som tar til bølgjene
Same trend gjev seg til kjenne andre plassar i landet, seier redaktør i surfemagasinet SurfNorge, Morten Solberg.
– Vi var i Lofoten for ein månad sidan, og det er langt fleire surfarar i vatnet der også enn det pla å vere på denne tida på året.
Han legg òg merke til at det er mange nybegynnarar ute i bølgjene.
– Eg trur det heng saman med at folk er mykje heime og har tida til å gjere forsøk på noko dei ikkje har prøvd før.
FINT: Redaktør for SurfNorge Morten Solberg syns det er fint at fleire nytta seg av det landet vårt ha å by på.
Foto: PrivatSolberg syns det er fint at fleire nytta seg av naturen, men fleire folk i vatnet kan bety kamp om bølgjene, seier han.
– Det er viktig med opplæring i regler og etikette for å unngå ulukker.
– Vi har plass til fleire
I sommar var det smekkfullt i Hoddevik, den mest populære surfestranda på Stad.
Men no er ordførar Alfred Bjørlo (V) berre glad for alle dei tilreisande.
– Eg synst det er kjempebra at fleire surfarar vel norske surfestrender også i vintersesongen. Det er eit mål for oss å utvide turistsesongen i Nordfjord også til vinterhalvåret – og denne nye trenden er då midt i blinken, seier han.
MANGE SURFARAR: Surfar Magnus Bettum Flatebø seier det er mange som surfar no.
Foto: Lindsey BundschuhFjordabladet skriv at kommunen tiltrekker seg nye innbyggarane. Ein av faktorane til at folk frå Austlandet og Canada busette seg på Stad var surfebølgjene.
Marita Lindvik er leiar i Visit Nordfjord. Ho viser til at det er ein uttala strategi for Nordfjord å bli eit reisemål heile året – ikkje berre deler av det.
– Vi oppfordrar alle til å følge dei nasjonale smittevernråda. Men lar det seg gjerne å reise, finst det nok av vakker natur å boltre seg på i Nordfjord, seier ho.