Hopp til innhold

Konfirmant: – Kvite kapper fører til mindre bunadspress

Den kvite kappa i kyrkja er med å ta vekk presset om fine og dyre klesplagg, meiner fleire prestar. Men nokre stader vel dei likevel å kaste kappa.

Konfirmanter på Jølster. Ingrid Svidal Myhren og Kjetil Aarøen Taklo.

KAPPER: Konfirmantane på Jølster synest det er fint at dei blir likestilte på konfirmasjonsdagen og at det ikkje er klespress i kyrkja.

Foto: Privat

– Eg synest det er bra å bruke kvite kapper, alle blir likestilte og det er ikkje noko forskjell på klesplagga, seier konfirmant Kjetil Aarøen Taklo.

Han konfirmerte seg førre veke i Jølster i Sunnfjord. Der brukar alle konfirmantar kvit kappe på den store dagen.

Nokre stader brukar dei ikkje kapper, der blir det meir synleg kva kleder konfirmanten har på seg.

– Folk kan nok kjenne meir på presset om dei ikkje har bunad og dei dyraste plagga, seier Aarøen Taklo.

Den kvite kappa blei innført i Noreg på 50-talet og skulle vere eit symbol på likeverd og at ein har vakse inn i den lange dåpskjolen.

Positiv effekt

Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør i Den norske kyrkja, seier det har vore debatt om den kvite kappa ulike stader i landet.

– Då har det handla om dei som ikkje har det og ønsker å ta den i bruk.

Årsaka er at det utan plagget blir veldig tydeleg kven som har råd til bunad og kven som ikkje har det, seier avdelingsdirektøren.

Kor mange stader plagget er i bruk, kjenner ikkje Kielland til.

– Kappa er eit fint symbol på at ein er like for Gud. I konfirmasjonsgudstenesta heng den også saman med dåpskjolen, seier han.

Jan Christian Kielland ved Den norske kirke.

DISKUSJON OM KAPPER: Avdelingsdirektør Jan Christian Kielland i Den norske kyrkja, seier det er diskusjon om bruk av kapper i ulike delar av landet.

Foto: Pressefoto

Sokneprest Silje Sørebø følger opp konfirmantane i Jølster.

Ho har tidlegare vore prest på Holmlia i Oslo, der erfarte ho kor godt dei kvite kappene kom med på den store dagen.

– Der var det veldig ulikt kva økonomi folk hadde og der såg eg kor viktig kappa var. Sjølv om det kanskje ikkje var bunadspress, var det ulikt kva folk hadde råd til av kleder, seier Sørebø.

Silje Sørebø Vassenden Kyrkje

GOD ERFARING: Sokneprest Silje Sørebø meiner kapper bidreg til å jamne ut forskjellar på konfirmasjonsdagen.

Foto: Seline Larsen / NRK

Sokneprest i Gamlebyen og Grønland, Lars-Martin Dahl, meiner kappene er ein god tradisjon.

– Av dei mange gode og mindre gode tradisjonane kyrkja har er dei kvite kappene blant dei aller beste. Dei kan minne oss om ein radikal likskap og likeverd mellom menneske i det dei jamnar ut sosiale forskjellar og rang, seier Dahl.

Kasta kappene

På Voss har dei ein anna tradisjon.

– Då eg begynte som kateket i 1992, då var det ingen som brukte kapper. Nesten alle jentene hadde bunad, og no har nesten alle gutar det òg, seier kateket Rønnaug Eng Skjeldal.

– Eg har faktisk ikkje høyrt om at det har vore kapper her på Voss på hundre år.

Rønnaug Skjeldal

INGEN KAPPER: På Voss er det lang tradisjon for å ikkje bruke kapper, seier kateket Rønnaug Eng Skjelda.

Foto: Christian Lura / NRK

Tradisjonen har stått sterkt i alle år. Sjølv om Skjeldal gjerne skulle sett at dei også brukte kapper i kyrkja.

– Ein kan lure på kor lurt det er, det hadde sikkert vore lettare for fleire om det var kvite kapper. Så for vår del hadde det nok vore best med kapper, at alle blei likestilte, seier kateketen på Voss.

Les også Her koster konfirmasjonsantrekket 57 000 kroner

Konfirmasjon

– Det er trist

Ein bunad kan koste opp til 50.000 kroner.

Forbrukarøkonom i DNB Silje Sandmæl seier at dei færraste familiar har råd til det dyre nasjonalplagget.

– Det er veldig mange som følar på bunadspresset og det er trist. Eg har høyrt om folk som har blitt ekskludert frå bilete fordi dei ikkje har på seg bunad, seier Sandmæl.

Les også Her låner de ut bunader: – Viktig å stå imot kjøpepresset

Leier ut bunader.

– Dette er ikkje dagen der ein skal tenke på kva ein har på seg, legg ho til.

Sandmæl seier det finst fleire råd for dei som kjenner på presset.

– Det er veldig mange som låner ut eller leiger bunad for ein dag, men det handlar om å gå i det som du sjølv synest er fint.

Forbrukerøkonom Silje Sandmæl

TRIST: Forbrukarøkonom i DNB Silje Sandmæl meiner ungdom må kle seg i dei synest sjølv er fint, og minner om at ikkje alle har råd til å kjøpe bunad.

Tilbake på Vassenden i Jølster er det fleire gutar som stiller i dress på konfirmasjonsdagen.

Ein av dei er Anders Starheim som går i 9. klasse.

– Eg tenker at folk har forskjellige måtar å feire på. Nokre brukar bunad, nokon brukar dress og andre fine festdrakter. Dei fleste gutar brukar dress fordi dei ikkje har vakse ut enno, seier Starheim.

– Eg kjenner ikkje så mykje på presset og synest det er heilt greitt å bruke dress.