Hopp til innhold

Kommuneoverlege vil ha lik karanteneplikt for vaksinerte: – Vanskeleg å kontrollere smitteutbrot

Krava til vaksinerte er for slappe og gjer at helsevesenet ikkje kan gjere jobben sin, meiner kommuneoverlege. FHI vil ikkje endre reglane for karantene.

Vikarierande kommunoverlege i Luster Morten Larsen

VANSKELEG: Vikarierande kommuneoverlege i Luster seier at dagens regelverk gjer det vanskeleg å drive smittesporing.

Foto: Christian Blom

– Det er frustrerande å jobbe med dei noverande nasjonale smittevernreglane. Dei gjer det vanskeleg å kontrollere smitteutbrot, seier vikarierande kommuneoverlege i Luster kommune Morten Larsen.

Kommunen i indre Sogn har fått seks smitta av deltavarianten etter eit smitteutbrot på baren Meat Point i nabokommunen Sogndal. I sistnemnte kommune har to fullvaksinerte blitt smitta av virusvarianten.

Utbrotet viser at fullvaksinerte kan bli smitta av deltavarianten. Likevel kan ikkje kommunane pålegga heimekarantene til nærkontaktar som er delvis- eller fullvaksinerte.

– Dei krava vi kan sette til vaksinerte er så slappe at vi ikkje kan gjere jobben vår skikkeleg, seier Larsen.

BioNTech-Pfizer vaksine

KAN SMITTE: Sjølv om ein har fått vaksine, kan ein framleis smitta og bli smitta av koronaviruset. Men det er lite truleg at ein vil driva smitten vidare, ifølgje FHI.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kan oppmoda, men ikkje krevje

Dagens reglar gir fullvaksinerte unntak frå karantene, om dei har vore nærkontakt med ein smitta person. Om ein har fått ei av to dosar, kan ein teste seg ut av smittekarantene etter dag tre.

Larsen er redd dette kan føre til eit smittesporingsproblem, som igjen kan føre til ressursproblem i kommunen.

– Vi risikerer å slite oss ut i om befolkninga ikkje gjer det vi oppmodar dei til, på dugnad. Vi har berre lov å oppmode, men ikkje lov å krevje, seier Larsen og legg til:

– Det hadde vore ein fordel om regelverket tok høgde for at deltavarianten også smittar vaksinerte, slik at vi kan krevje det same av dei vaksinerte som dei ikkje vaksinerte.

Vil ikkje endre reglane

Folkehelseinstituttet vil ikkje endre reglane for karanteneplikta til vaksinerte.

– Nei, ikkje på noverande tidspunkt iallfall. Vi har god erfaring frå mange utbrot av deltavarianten, og dei lar seg greitt slå ned med dei reglane som gjeld, seier fagdirektør for smittevern, Frode Forland.

Det er ifølgje Forland fordi dei som er vaksinerte, anten med ein dose for tre veker sidan eller er fullvaksinerte, i liten grad vil driva smitten vidare.

Mellom anna fordi dei er mindre smittsame dersom dei blir smitta. Men også fordi det er svært liten sjanse for at dei som har fått ein dose er smitta dersom dei tar ein negativ PCR-test dag tre av karantenen.

Han understrekar at reglane kan bli endra dersom smittesituasjonen endrar seg, og dei får data som seier at vaksinerte er med å drive smitten.

Frode Forland forklarer på pressekonferanse

FORSTÅR: Forland forstår at utbrot i mindre kommunar kan vere utfordrande.

Foto: terje pedersen

Støttar oppmodinga til kommuneoverlegen

Forland skjønar godt at utbrot i mindre kommunar kan vera utfordrande.

– Difor er det er bra at kommuneoverlegen oppmodar folk om å vera forsiktige. Har ein vore nærkontakt, kan ein oppføra seg slik at ein ikkje er i nærleiken av andre, seier han.

Forland minner om at kommunane kan innføra lokale forskrifter med til dømes reglar for kor mange som kan samlast og opningstider på utestadar.

– Kan ein endre karantenereglane for vaksinerte i ei lokal forskrift?

– Det er ikkje på paletten over dei lokale tiltaka som har blitt brukt. Karantenereglane er nasjonale bestemmingar. Det anbefaler vi ikkje å endre på.