Halvparten klaga på ny eigedomsskatt

Protestane mot den nye eigedomsskatten i Sogndal er massiv. Av 1100 nye takstar har vel 500 klaga.

Fråflytta kårhus på Årøy gard

VERDIAUKE: Sjølv om dette huset nærast har rotna på grunnmuren sidan sist verdivurdering vart gjort, vil eigaren måtte betale langt meir i eigedomsskatt no – 10 år etter.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Den informasjonen eg har er at det har komme inn rundt 500 klager, så ein får seie at det er mange, seier ordførar Jarle Aarvoll etter fristen for å klage på eigedomsskatten gjekk ut 14. april.

Vel 1100 objekt er takserte og det skal vere komme inn rundt 500 klager. Nytakseringa av eigedomane i kommunen har engasjert. Det er 10 år sidan sist, og mange har meint at dei nye verdivurderingane, spesielt av landbrukseigedomane, er altfor høge.

– Innbyggjarane sin rett å klage

– Det er ikkje overraskande at det har komme så mange klager. Ut frå dei signala som er komme tidlegare om at det ville komme mange klager. Ein har vore tydeleg i all

Jarle Aarvoll og Laura Kvamme

MYKJE: Ordførar Jarle Aarvoll konstaterer at 500 har klaga på eigedomsskatten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

informasjon som er gitt om at ein hadde høve til å klage dersom ein oppfatta taksten som urimeleg, seier Aarvoll.

Tidlegare i vinter vart det arrangert folkemøte i Sogndal om den nye eigedomsskatten, og rundt 300 møtte opp, og det kom krav om ny takstvurdering.

Selskapet som har gjort verdivurderingane "Verditakst" tok ikkje sjølvkritikk på takseringa, sjølv om selskapet ikkje er sertifisert for å taksere landbrukseigedommar.

Ole C. Torgersen

VERDITAKST: Dagleg leiar i Verditakst Ole C. Torgersen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi skal verdisette bustaddelen av landbrukseigedommen. Skulle me ha verdisett heile landbrukseigedommen – til dømes inkludert inn- og utmark – hadde me ikkje vore kvalifiserte, sa dagleg leiar Ole C. Torgersen.

Ferdige innan sommaren

No håpar Aarvoll at alle som meiner dei har grunnlag for å klage har gjort det, og understrekar at det er ein rett folk skal ha.

– Arbeidet vidare vil vere å systematisere klagene innanfor næring, våningshus og hytter blant anna. Eg vil tru at det vil vere variasjon for grunnlaget for klagene.

Ei sakkunnig nemnd vil ta arbeidet vidare og behandle klagene vidare.

– Målet er å ha arbeidet unna innan sommaren.