Hopp til innhold

Hotellet kravde inn bompengar på parkeringsplass – no ber kommunen folk om å krevja pengane tilbake

Dei som svingar inn på Videseter hotell risikerer 200 kroner i parkeringsavgift og gebyr. – Ulovleg, konkluderer kommunen og vegvesenet.

Visesæter parkeringsplass

MÅ BETALE: Dei som svingar inn på Videseter hotell må punge ut 100 kroner i bomavgift, pluss 100 kroner i fakturagebyr.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er litt spesielt at det blir kravd inn bompengar for å snu her, seier Sigurd Muldsvor, avdelingsleiar ved kommunalteknikk i Stryn kommune.

Gamle Strynefjellsvegen mellom Vestlandet og Austlandet er ein populær turistveg sommarstid. Spektakulær natur og imponerande vegkunst har gjort den smale vegen i Nordfjord til eit ynda reisemål.

Men dei som svingar inn ved Videseter hotell risikerer å få seg ei mindre positiv overrasking.

NRK har tidlegare omtalt den uvanlege praksisen, der bilistar må punge ut 100 kroner i bomavgift, pluss 100 kroner i fakturagebyr. Dette sjølv om dei berre har vore innom nokre sekund og snudd.

Men den spesielle innkrevjinga er truleg ulovleg.

Retten til å krevje inn bompengar er avgrensa av veglova paragraf 56. Der går det fram at innkrevjing av bompengar krev samtykke frå kommunen.

– Så langt vi kan sjå av kommunen sitt arkiv- og postsystem er ikkje eit slikt samtykke gitt. Dermed er det ikkje lov å krevje inn bompengar, seier Sigurd Muldsvor.

Han påpeikar at dei som har betalt truleg kan krevje pengane tilbake.

Videsæter Stryn

OMSTRIDD: Fleire bilistar reagerer på plasseringa av skiltet, og at det ikkje er råd å sjå det før ein er inne på området.

Foto: Steinar Lote / NRK

Må til politisk behandling

NRK har dei siste dagane fått fleire tilbakemeldingar frå personar som reagerer kraftig på praksisen. Ein av dei er Jan Koren som sist måndag måtte betale for å ha svinga innom parkeringsplassen ved hotellet.

– Eg har aldri vore borti maken.

Det står skilt om at ein må betale bompengar i området, men Koren meiner det ikkje er råd å sjå skiltet før ein er inne på området.

Også Hanne Olava Bonsaksen og Stian Aas reagerer på fakturaene.

I ein e-post til NRK skriv dei at ein mann fortalde at dei ikkje var velkomne med mindre dei skulle overnatte på hotellet. Så fekk dei beskjed om at ei rekning på 200 kroner venta.

– Vi føler oss såpass lurt og stiller spørsmål ved det lovmessige rundt dette.

Muldsvor i Stryn kommune ber om at Videseter hotell innstiller innkrevjing av bompengar med umiddelbar verknad til eit eventuelt samtykke frå kommunen er på plass.

Han seier saka må avgjerast politisk av formannskapet. Første formannskapsmøte i Stryn er 19. august.

Videseter hotell

IDYLLISK PLASSERING: Hotellet ligg ved gamle Strynefjellsvegen. På veg opp er det minimalt med snuplassar for bilistane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vegvesenet reist på tilsyn

Rådgjevar i Statens vegvesen, Halgeir Jansen, var på tilsyn ved Videseter hotell etter at NRK omtala parkeringssituasjonen.

Også han reagerer på innkrevjinga.

Han viser til at vegen inn til parkeringsplassen er sperra av i andre enden og at det dermed ikkje er gjennomgangstrafikk.

Dessutan er det skilt som viser at det er parkering inne på området.

– Dette kan ein heilt klart ikkje krevje bompengar for, seier Jansen.

NRK har sidan midten av førre veke sendt fleire konkrete spørsmål på e-post og tekstmelding til hotelleigar Per Garen, utan at han har svart.

Tidlegare har han gitt følgjande forklaring på kvifor han krev bomavgift:

«Hotellet ønskjer ikkje trafikk frå andre enn eigne gjester. Vi har hatt målingar som viser opp til 3–400 bilar om dagen som ikkje skal noko som helst anna enn å køyre forbi og bruke vegen som akselerasjonsfelt for å køyre forbi andre bilar i stor fart. Gjestene våre skal få nyte opphaldet her utan å bli forstyrra av ei mengde menneske som berre skal nytte toalett gratis».