Hopp til innhold

Fekk rekning etter å ha brukt hotellet sitt område til snuplass

Ved dette hotellet tek eigaren seg betalt for at folk skal bruke plassen til å snu bilen. Det er ikkje hotellet si oppgåve å drive snuplass, meiner han.

Innkjørsla til Videseter hotell

KLAGER: Videseter Hotel har dei siste vekene fått fleire klager på Tripadvisor frå folk som har mottatt faktura frå dei.

Foto: Steinar Lote / NRK

Tidleg i juli skulle Knut Erik Kapstad køyre på gamle Strynefjellsvegen med hengar.

Etter å ha møtt fleire bilar på den tronge vegen, bestemde han seg for å snu. Første ledige snuplass var Videseter hotell.

– Eg såg eit skilt om avgift, men tenkte at det måtte gå fint, for eg skulle berre snu, og trudde det gjaldt parkering.

Seinare fekk han e-post med ein faktura på 100 kroner, pluss 100 kroner i fakturagebyr.

Først forstod ikkje Knapstad kva fakturaen på 200 kroner gjaldt, men etter litt søk på internett, kom han fram til at det stamma frå då han køyrde inn på parkeringsplassen til hotellet.

– Eg vart irritert for å seie det varsamt. Det er heilt horribelt å kunne krevje bompengar for å køyre på den vegen. Eg enda opp med å betale det, for eg ønskte berre å få det ut av verda.

Kapstad er ikkje åleine om dette. For både på Tripadvisor og Facebook er det fleire dømer på misnøgde bilistar som har måtte betale til hotellet.

Skjermdump frå Tripadvisor
Foto: Skjermdump frå Tripadvisor

Vegen er privat

Årsaka er at hotellet tek 100 kroner for å køyre inn på den private vegen. Dersom du ikkje betaler direkte, tek dei 100 kroner til for å sende faktura til bileigar.

Hotelleigar Per Garen seier det må vere slik.

– Hotellet ønskjer ikkje trafikk frå andre enn eigne gjester. Vi har hatt målingar som viser opp til 3-400 bilar om dagen som ikkje skal noko som helst anna enn å køyre forbi og bruke vegen som akselerasjonsfelt for å køyre forbi andre bilar i stor fart.

Det skal berre vere eit fåtal menneske som har klaga på praksisen av alle dei som har vore innom de siste vekene.

Kjørte innom for å sjå på utsikten, snudde på parkeringsplassen og returnerte etter knappe 2 min, endte opp med parkeringsgebyr på 200kr for en vei vi ikkje viste var avgiftsbelagt. Innkjøringen er en sluse med betongklosser, det er vanskelig å snu når en først er komt inn. Styr unna, kjør videre, dette er svindel og bedrag...

Ole H på Tripadvisor

– Dette er privat område og reservert for gjestene til hotellet. Gjestene våre skal få nyte opphaldet her utan å bli forstyrra av ei mengde menneske som berre skal nytte toalett gratis.

Hotellet skal til neste år få på plass eit nytt system, der dei skal setje inn ein fysisk bom på vegen.

Videseter Stryn

DENNE UTSIKTA: Vil folk gjerne vil sjå, men ender opp med ein faktura i posten.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Kan vere ulovleg

Forbrukerrådet seier bomveg på privat veg i utgangspunktet ikkje er ulovleg, men understrekar at det må vere god og tydeleg skilting som informerer forbrukarane. I tillegg må det hentast løyve frå kommunen.

– Her ser det ut til at det er kravd inn bompengar for ferdsel på privat veg utan samtykke frå kommunen. I så fall er det kravd inn bompengar ulovleg, og dei som har betalt, bør be om å få pengane sine tilbake, seier jurist Caroline Skarderud i Forbrukarrådet

Om ein får løyve, må informasjonen på vegen vere god.

– Det må vere godt skilta med forklaring på kva det kostar, og korleis ein skal betale.

Videsæter Stryn

KLAR BESKJED: Med tydeleg merking kjem du ikkje langt i ei klagesak i følge Pia Caroline Skarderud i Forbrukarrådet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Automatiserte løysingar er noko forbrukarrådet observerer meir og meir, og som kan vere krevjande for forbrukarane å forstå.

– Vi er opptekne av at det blir gitt god nok informasjon, slik at ein slepp gebyr og parkeringsbøter som er heilt unødvendig, seier Skarderud.

Merknad: NRK har oppdatert nettsaka 06.08.21 med nytt sitat frå Forbrukarrådet. Bakgrunnen er opplysningar frå Stryn kommune og Statens vegvesen om at bomvegen ikkje er lovleg.