Hopp til innhold

Kommunal Rapport: Førde er den beste kommunen i Noreg

Førde er vinnaren i Kommunal Rapport si store årlege, kåring av dei fremste kommunane i Noreg, Kommunebarometeret.

Førde sentrum sett frå lufta

HEILT PÅ TOPP: Førde sentrum sett frå lufta. Sjukehus- og høgskulebyen i Sunnfjord toppar kåringa til Kommunal Rapport.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Magasinet har samanlikna nøkkeltal for alle norske kommunar og Førde vann knepet foran Røyken, Mandal, Hole og Bærum.

Barometeret legg mest vekt på grunnskule- og pleie- og omsorgstilbodet. Deretter følgjer barnevern, barnehage og økonomi. Desse sektorane utgjer 70 prosent av barometeret samla.

Førde er den største kommunen i Sogn og Fjordane med om lag 13.000 innbyggjarar og har over tid bygd ein solid økonomi. Frå 2020 får dei også med seg nabokommunane til den nye storkommunen Sunnfjord.

Prosjektleiar for Sunnfjord kommune og mangeårig rådmann i Førde, Ole John Østenstad, seier til Kommunal Rapport stø kurs har vore oppskrifta for han som øvste administrative leiar i kommunen.

– Ein stø kurs. Det er det som har vore min metode, seier Østenstad til magasinet.

Det var ein stolt ordførar Olve Grotle (H) som i dag kunne juble for at kommunen han leier kjem på topp over samtlege 422 kommunar i Noreg. Han gjev stor honnør til dei tilsette i kommunen.

– Det vi skårar best på er skulane våre. Vi har i mange år hatt blant dei beste skulane i landet. Det er juvelen vår og ei forklaring at vi faktisk er den beste kommunen i heile landet.

Her er dei ti beste kommunane i Noreg, i følgje Kommunal Rapport:

1. Førde, Sogn og Fjordane

2. Røyken, Buskerud

3. Mandal, Vest-Agder

4. Hole, Buskerud

5. Bærum, Akershus

6. Tynset, Hedmark

7. Oppegård, Akershus

8. Nittedal, Akershus

9. Skedsmo, Akershus

10. Sola, Rogaland