Hopp til innhold

Klimaendringane tvingar fram meir lokale varsel om ekstremvêr

Klimaet vårt blir våtare, varmare og farlegare. Difor vil Meteorologisk institutt varsle ekstremvêr mykje meir lokalt enn det dei kan i dag.

Utvik sentrum frå Helikopter flaum

KAN BLI MEIR AV SLIKT: Forskarar forventar meir nedbør og større fare for flaum i Framtida. Her frå flaumen i Utvik i juli.

Foto: Alf Vidar Snæland

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Me ventar oss at det blir endå kraftigare byer i åra som kjem, etter kvart som lufta blir gjennomgåande varmare. Då held den på meir fukt, som vil falla raskare ut i spesielle situasjonar, seier Tor Helge Skaslien, nestleiar Meteorologisk institutt.

Meir presist ekstremvarsel

Forskarar spår at slikt vêr som var i Utvik, vil bli vanlegare i framtida. Det byr på utfordringar for dei som skal varsla om nedbøren og konsekvensane av det.

– Det er uhyre vanskeleg å vurdera konsekvensen i eit enkelt vassdrag ut ifrå om det kjem 25, 30 eller 40 millimeter nedbør, seier Skaslien.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.9

KAOS: Utvik vart forvandla til eit kaos den 24. juli.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Men at dei skal bli betre på å laga gode varsel for lokalt ekstremnedbør i åra som kjem, har han god tru på. Dei jobbar heile tida med å varsla meir presist om lokalt ekstremnedbør, og konsekvensane det kan få, i åra som kjem.

– Det varierer enormt korleis utslaga blir lokalt, om til dømes ei elv tek eit anna løp. Me jobbar tett med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), fylkesmenn og andre beredskapsaktørar, for å finna betre løysingar enn me har i dag, seier Skaslien.

«Ulv, ulv»

Ei regnbye er eit komplisert vêrsystem som kan utvikla seg raskt for så å gi frå seg intens nedbør lokalt.

Elise Trondsen i NVE

FLAUMVARSLAR: Elise Trondsen, flaumvarslar i NVE.

Foto: Stig Storheil / NVE

– I dag kan me vita om me får intense regnbyer, men me kan ikkje vera sikre på om dei kjem i Agder eller Trøndelag. Det er veldig mange dagar i løpet av ein sommar det er den typen ustabil luft som gir moglegheit for intense regnbyer. Skal me varsla alle, må me ha varsla veldig, veldig ofte, seier Elise Trondsen, flaumvarslar i NVE.

– Blir det litt som å ropa «ulv, ulv»?

– Det er definitivt noko av det skumle her, seier ho.

– Vanskeleg å sjå for seg

Beredskapssjef Haavard Stensvand hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sa til NRK tidlegare denne veka at han ikkje er sikker på at eit ekstremvarsel ville minska skadane i Utvik.

– Dersom vi skulle ha unngått desse skadane måtte vi ha begynt med store tiltak oppe i elvane. Det er vanskeleg å sjå for seg at dét ville blitt vurdert som fornuftig ut frå eit flaumvarsel.

– Ein kunne ha evakuert folka tidlegare?

– Ei tidlegare varsling kunne ført til at ein tok avgjerder tidlegare. Men eg kan ikkje seie noko meir spesifikt om dette før vi har hatt evalueringsmøte med Stryn kommune.

Haavard Stensvand

BEREDSKAPSSJEF: Haavard Stensvand, beredskapssjef hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Foto: Melinda Gaal