Hopp til innhold

Endeleg kom Kleppa til Sandane - der opna ho ein stengd flyplass

Det vart ei opning litt utanom det vanlege for samferdsleministeren i dag. Flyplassen på Sandane var nemleg stengd grunna skodde.

Dag Falk-Petersen, Magnhild Meltveit Kleppa, Anders Ryssdal

HØGTIDELEG: Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa stod for opninga. Også konsernsjef i Avinor (t.v) og ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal var sjølvsagt til stades.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Tjukk tåke la seg måndag over Sandane lufthamn, Anda. Ministeren som skulle komme i fly enda opp med å kretse over lufthamna.

Flyet frå Widerøe var ikkje i stand til å ta seg ned til den nyopprusta flyplassen til 120 millionar kroner. Både lufthamnsjefen og dei mange gjestane måtte smørje seg med tålmod.

Lufthamnsjef let seg ikkje vippe av pinnen

Det er ikkje kvar dag at ein flyplass vert høgtideleg opna av samferdsleministeren. Likevel vart det akkurat denne dagen at skodda skulle legge seg så tjukk som den berre sjeldan gjer.

Truleg er det berre nokre dagar i løpet av eitt år at skodda legg seg så tjukk.

Lufthamnsjef Jon Granheim hadde pynta seg i findressen, men måtte skuffa innsjå at flyet med ministeren reiste vidare til Ørsta-Volda.

– Det er sånn vêrforholda er i Norge. Det er vanskeleg å få gjort noko med det, seier Granheim.

– Men det er litt irriterande?

– Det er ikkje hjelp i å irritere seg for noko ein ikkje kan gjere noko med, seier Granheim som ikkje ville la vêret sette ein stoppar for den gode stemninga.

Kom til flyplassopning i bil

Medan titals inviterte gjester, med fylkesordførar og lokale politikarar stod i spissen og venta, måtte Granheim finne ut om Magnhild Meltveit Kleppa kunne bli køyrd i bil i flyplassen.

Til slutt kunne han dele både ein god og dårleg nyheit med dei mange frammøtte.

– Den gode nyhenda er at ministeren er på veg, den dårlege er vi må utsetje markeringa med halvannan time, sa Granheim frå talarstolen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Sandane lufthamn opna igjen

STENGD: I slutten av august i fjor vart Sandane lufthamn opna att etter å ha vore stengd i eit halvt år grunna utebetringar. Først i dag, er arbeidet heilt ferdig.

Viser behovet for fleire flyplassar

Gjestane måtte dermed smørje seg med tålmod, og det vart tid til mykje småprat inne i den nybygde garasjen på flyplassen. Senterparti-ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal var snar med å snu det vesle nederlaget til politisk vinst.

– Det er dumt at det vart skodde i dag, men no får ein sjå at det svarar seg med eit heilt flyplassnett i fylket, seier Ryssdal.

Han meiner utbygginga er svært viktig og viser til at utbygginga skal sikre god regularitet også i tida framover. Mellom anna er tryggleikssonene på begge sider av rullebana på plass, i tillegg til at rullebane er forlenga.

Ministeren hadde med seg «godbit»

Til slutt kom endeleg heidersgjesten til flyplassen. Ministeren var framleis i strålande humør.

– Dette vart ein omveg, sa ministeren lattermild.

– Det er vel ikkje ofte du opnar ein stengd flyplass?

– Nei, det høyrer med til det sjeldne, måtte Meltveit Kleppa lattermild vedgå.

Vel vitande om at den turbulente flyturen var blitt hovudsak blant dei ventande, gjekk det ikkje lenge før ho drog dagens samferdslegodbit ut av veska.

Frå 1. april 2012 skal setekapasiteten frå Anda aukast med 38,5 prosent. Dette kan bety fleire flyruter frå flyplassen når anbodsrundane står ferdig.

– Dette er for å ta på alvor den utviklinga vi ser i dette området, seier Meltveit Kleppa.