BRINGELAND: Førde lufthamn Bringeland hadde ein passasjervekst på 8,3 prosent i september.
Foto: Ottar Starheim / NRKOFFSHORE-BASE: Florø lufthamn veks seg stor på auka Nordsjø-trafikk.
Foto: Ottar Starheim / NRKANDA: Sandane lufthamn Anda er i full sving igjen etter å ha vore stengd i månadsvis.
Foto: Ottar Starheim / NRKHAUKÅSEN: Sogndal lufthamn Haukåsen har hatt jamn vekst dei siste åra.
Foto: NRKTrafikken har særleg skutt i vêret ved flyplassane i Førde og Florø.
– Viser behovet
Ved Førde lufthamn Bringeland vart det registrert 7750 flypassasjerar i september, og ved Florø lufthamn er ein for alvor begynt å merke effekten av å ha fått eit andre offshorehelikopter stasjonert i byen.
– Vi har ein oppgang på 8,3 prosent i september i høve til same månad i fjord. Det er veldig gledeleg og viser at folk har behov for oss, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal i Førde.
Så langt i år har flyplassen på Bringeland ein vekst på ca 1 prosent, etter eit år som har vore langt frå normalt. Når året er omme reiknar ein med 2 prosent oppgang.
– Dette må må vi vere nøgde med i eit år der vi har vore råka av oskesky frå Island og vektarstreik. Året sett under eitt reknar eg med at vi får ein vekst på rundt to prosent, seier Gjesdal.
Stor vekst i Florø
Hos naboen i Florø melder lufthamnsjef Siv Merete Stadheim om like gode tal.
– Medrekna både fly- og heilikoptertrafikken hadde vi 14.890 passasjerar i sepbember. Det er veldig gode tal, seier Stadheim.
Sidan i sommar har CHC Helikopter Service som flyg arbeidarar til plattformer i Nordsjøen hatt to maskiner i Florø eit par dagar i veka. I løpet av høsten skal maskin nummer to vere fast stasjonert ved Florø lufthamn.
– Dette har alt fått ein effekt på trafikken. Det fører med seg ein auke også på talet flypassasjerar, seier lufthamnsjefen.
I september vart det registrert 10953 flypassasjerar og 3937 helikopterpassasjerar i Florø.
– Vi ser ein klar trend i auken på offshore. Neste år kan vi ende opp med 160.000 passasjerar totalt i Florø, ein auke på 20.000, anslår Stadheim.
Ho meiner ein no får betalt for eit langsiktig arbeid.
– Dette viser at innsatsen fylket har gjort for å satse på offshoreindustrien verkar.
Søndag er blitt flaskehalsen
Men den store trafikken har ei bakside.
– Vi opplever at søndagane blir ein flaskehals. Vi treng etter kvart betre rutetilbod på søndagane. Spesielt gjeld det retur frå Oslo om kvelden, seier Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn.
Han registerer også stort press på tidlegrrutene til Oslo tidleg i uka, og returflyet på ettermiddagen. Folk vil helst komme seg heim tidlegare enn siste fly som går frå Gardermoen klokka 22.10.
– Vi skulle hatt eit ekstra fly mellom om morgonen, og det same på ettermiddag – tidleg kveld, meiner Gjesdal.
Dette var også eit ønskje då ordførarar og Avinor-sjefane i fylket møtte representantar samferdsledepartementet for å komme med sine ønskjer på eit møte i førre måndag. Neste år blir det lyst ut anbod på konsesjonane til kortbanenettet frå 2012.
Vekst også på Sandane
Og at det har blitt meir kamp om flysetene fekk Jon Granheim, lufthamnsjef ved Sandane lufthamn, nyleg sjølv merke på kroppen.
– Eg skulle bestille meg billett til Oslo og Bergen her om dagen, men det gjekk ikkje. Ein kan ikkje lenger bestille billett dagen før. Det er fullt. Også vi her på Sandane ønskjer oss fleire flyavgangar, seier Granheim.
Til liks med Førde og Florø kan også han melde om trafikkauke. Flyplassen som vart stengd i fleire månader grunna anleggsarbeid, hadde i september 3200 passasjerar. Tilsvarande tal i september i fjor var 3100.
– Dette viser at Sandane for alvor er tilbake. Det ser ut til å tatt seg bra opp att. At parkeringsplassen er full, tek eg som eit godt teikn, seier lufthamnsjefen.
Gode tal også i Sogndal
Lufthamnsjef Gunnar Solbakken ved Sogndal lufthamn Haukåsen kan fortelje at også dei er med i det gode selskap.
- Også Sogndal har gode tal. Vi har passert tala for september i fjor med god margin, utan at eg har noko eksakt tal endå.