I 2009 kosta Sandane Avinor seks millionar kroner mindre enn til dømes flyplassen i Sogndal.
Lufthamnsjef på Anda, Jon Granheim, seier flyplassen driv godt. I år er det venta ny passasjerrekord.
- LES OGSÅ:
HAUKÅSEN: Har kosta Avinor 88 millionar kroner siste fire åra.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK– Det er gledeleg å sjå at vi framleis er i vekst. Vi arbeider for å kunne påverke dei ulike etatane som kan gje oss fleire fly.
Minst er ikkje dyrast
Ei undersøking NRK har gjort, viser at det ikkje nødvendigvis er slik at dei minste flyplassane kostar samfunnet mest. Tilsaman har dei fire flyplassane kosta Avinor 308 millionar kroner dei siste fire åra.
Men det er lufthamnsjefen på Sandane, som saman med Førde lufthamn Bringeland, driv den rimelegaste flyplassen i Sogn og Fjordane. Han meiner flyplassane i distriktet spelar ei viktig rolle.
- LES OGSÅ:
FLORØ: Har kosta Avinor 80 millionar kroner siste fire åra.
Foto: Truls Kleiven– Du kan faktisk nå eit møte i London og attende same dag ved å ha småflyplassar ute i distrikta, seier lufthamnsjefen i Førde, Kjell Otto Gjesdal.
– Får mykje att
Lufthamnsjefen meiner at 17 millionar kroner i årleg støtte, ut frå eit passasjertal som i fjor var på 80 000, viser at flytrafikken er eit rimeleg transporttilbod.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
BRINGELAND: Har kosta Avinor 68 millionar kroner siste fire åra.
Foto: Ingrid Risnes– Dersom du set det opp mot å byggje veg, så vil eg seie at du får mykje att for å ha flyplassane, meiner han.
Statistikken viser også at flyplassane sine underskot er stabile, og svakt synkande. Samstundes aukar passasjertala år for år.
Håpar på fleire ruter
Med ein auke på 5,3 prosent i tal reisande i oktober, var flyplassen på Sandane den i Sogn og Fjordane som auka mest i høve same periode i fjor. Til saman reiste det 3 471 passasjerar til og frå flyplassen.
Anda var stengd frå mars til august i fjor på grunn av utbetringstiltak. I dag kjem samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa for å opne den forlenga rullebana.
- LES OGSÅ:
– Vi ser at potensialet ligg der til å få ein merkbar vekst, seier Granheim og håpar på fleire ruter med nær 40 000 reisande i 2011.