Hopp til innhold

Frank Løke hadde konkurranse frå nordsida av fjellet utan å vite det

Nordlendingen Håkon Skog Erlandsen og Frank Løke prøvde samtidig å nå verdas høgaste fjell utan oksygen. På eit tidspunkt gøymde den eine seg frå den andre, for å unngå mediesirkus.

Håkon Erlandsen står på toppen av Mount Everest 23. med et hav av skyer under seg og gjør tommel-opp til kameraet.

– Det handlar om å vere smart med risiko. Eg trur ikkje du presterer godt i eit klima utan oksygen om det samstundes skal vere konkurranse, seier Erlandsen som kom opp Mount Everest for andre gong 23. mai 2024.

Foto: Sonam Tashi / privat

Heile Noreg har nok fått med seg Frank Løke sin tur opp til Mount Everest.

Han hadde ambisjonar om å bli første nordmann til å kome opp utan å bruke oksygentank.

Men få veit at det akkurat samtidig var ein annan nordmann med same ambisjonar på veg opp frå den andre sida av fjellet, via nordaustruta som ligg i Tibet.

Omtrent som med dei historiske oppdagarane Scott og Amundsen, gjekk det føre seg eit kappløp. Men denne gongen var det berre ein av utøvarane som var klar over det.

Retusjert bilde av Roald Amundsen på Sydpolen i 1911

Kappløpet om Sydpolen føregjekk 1911-12, da britiske Robert F. Scott og norske Roald Amundsen konkurrerte om å bli dei første menneska til å nå den geografiske Sydpolen i Antarktis. Amundsen vann. Scott omkom i forsøket.

Foto: NTB / SCANPIX

Det var ingen av dei moderne eventyrarane som kom til topps utan oksygen.

Erlandsen meiner han hadde klart det, om ikkje Tibet hadde stoppa han.

– Det var litt synd. For då Løke spydde og vrengde magen på 7300 meter, låg eg og åt potetgull og såg «The Office» på den andre sida av fjellet.

Ville ikkje skape konkurranse

Dei to nordmennene var faktisk på same basecamp samtidig for å akklimatisere. Men Løke oppdaga ikkje Erlandsen.

Erlandsen låg med vilje lågt i terrenget, for å unngå offentleg konkurranse og medieoppstyr.

– Løke er ein mann som har gjort det tydeleg at han går over lik for å vinne kva det skulle vere.

Håkon Erlandsen med oksygenmaske gjør tommel opp med to hender på toppen av Mount Everest 23. mai 2024. Han har på klatrerutstyr og klær som tåler 22 minusgrader.

Håkon Erlandsen måtte, i likskap med Løke, bruke oksygen på toppen av Mount Everest. Erlandsen brukte oksygen fordi styresmakter i Tibet ikkje tillèt at han gjekk opp utan.

Foto: Sonam Tashi / privat

Sjølv i fjellmassivet fekk Erlandsen med seg Løke sin klatring mot toppen i media.

– Vi har sett konsekvensane av medieløpet hans i det siste. Han har tatt ein av dei finaste naturopplevingane i verda og gjort det om til eit sirkus som skaper debatt.

No meiner 34-åringen frå Rana at folk trur Mount Everest er ein stygg plass.

Toppen av Mount Everest i stjerneklart vært med måneskinn med et klatretau i forkant.

På toppen av Everest, i 22 minusgrader, meiner Erlandsen at han på redefinerte sin personlegdom.– Eg har aldri hatt ein så stor naturoppleving som å vere åleine på verdas høgaste fjell.

Foto: Håkon Erlandsen / Privat

– I kontrast med kva som føregjekk på sørsida, er det viktig å understreke kor fin oppleving ein kan ha på Everest.

Sjølv nådde Erlandsen toppen åleine saman med sherpaen Sonam Tashi, i måneskin og stjerneklår himmel. Med oksygen riktig nok. Han seier skyene låg som eit teppe over Tibet og Nepal.

Frank Løke skriv i ei melding til NRK at han håper han kan inspirere andre nordmenn til å ta den norske rekorden.

– Eg skal heie på alle som prøver, og vere den første til å gratulere om nokon tar rekorden, seier han.

Les også Håkon skal spille jazz på kontinentenes høyeste fjelltopper

Håkon William Skog Erlandsen

– Viktig å respektere verdien av ein eventyrar

Det er fleire enn Erlandsen som har vore negative til Løkes Everest-tur.

Mellom anna fekk Løke kritikk av Nettavisen-kommentator Erik Stephansen som kalla Løke for ein løk.

Han skreiv at Løke sin egotripp mot Mount Everest ikkje kunne bli kalla ein bragd og meinte det var unødvendig promotering av livsfarlege aktivitetar.

Løke fekk svare på kritikken i Dagsnytt18 og meinte Stephansen ikkje burde uttale seg om noko han ikkje hadde peiling på.

Les også Frank Løke har besteget Mount Everest

Frank Løke

Men på sørsida av fjellet, der Løke gjekk, er det eit ganske heftig sikkerheitsapparat.

Der kan klatrarane bli henta ut opptil 7000 meter. Det nytta Løke seg av, då han drog ned for å ete pizza og restituere.

På nordsida kan ein ikkje bli henta av helikopter. Det er ein dødsdom om ein til dømes bryt ein fot på vegen, ifølge Erlandsen.

– Er ikkje du også med på å reklamere for ein livsfarleg aktivitet då?

– Ein er nøydd til å ha nokon i samfunnet som er villige til å ta ein risiko, seier Erlandsen og legg til:

– Eg meiner det er viktig å respektere verdien av ein eventyrar. Men alt ein gjer må ein forstå at er mogleg å gjere på ein trygg måte.

Sonam Tashi, Håkon Erlandsens sherpa er på veg opp til Mount Everest i morgengryet. Han har hodelykt, rød jakke og gul bukse.

Erlandsen nådde toppen av nordsida av verdas største fjelltopp i einsam majestet saman med sherpaen, Sonam Tashi, mens det enno var mørkt.

Foto: Håkon Erlandsen / privat

Det seier han handlar om å tørre å bryte tidleg, og lytte til signala frå kroppen. Det er veldig få menneske som når toppen utan oksygen. Dei fleste dør i forsøket.

– Kvifor gjer du det då, når det er så farleg?

– Eg håper eg kan inspirere folk til eigne prosjekt. Kanskje kan det gjere at nokre andre gjer noko stort som kan endre verda positivt. Ein kan aldri kontrollere nedfallet på inspirasjonen.

Erik Stephansen i Nettavisen

Erik Stephansen, kommentator i Nettavisen, seier at han synest det var fornuftig av styresmakter i Tibet å forby å klatre fjelltoppen utan oksygen.

Foto: NRK

Stephansen seier til NRK at grunnen til at han interesserte seg for Løke var det enorme mediesirkuset han sat i sving.

– Med Frank Løke verka det som at det auka bragda å gjere det så farleg som mogleg, seier han og legg til:

– Turen til Løke må likevel ha sat ein verdsrekord: i dårleg planlegging og risikovurdering. Om Erlandsen har planlagt betre, har eg ingenting imot det.

Løke skriv i ei melding til NRK at han ikkje gidd å diskutere Mount Everest med «ein som ikkje har vore på Gaustadtoppen eingong».

Les også Her spiller Håkon (29) saksofon på toppen av Mount Everest: – De sa det var umulig

Håkon William Skog Erlandsen fra Mo i Rana vil bli den første til å holde konsert på toppen av Mount Everest.

Gjorde det forbode å gå utan oksygen

Det er fleire grunner til at det er annleis å gå Mount Everest frå nordsida enn frå sørsida.

Ein ting er mangelen på sikkerheitsnett og at ein ikkje kan bli redda av helikopter ved behov.

I tillegg er det på den tibetanske sida òg eit regelverk som raskt kan endre seg.

Det seier Erlandsen er årsaka til at heller ikkje han kom opp utan oksygen.

Håkon William Skog Erlandsen

Eit av Erlandsens store prosjekt var å stige opp dei høgaste fjella på alle verdas kontinent, dei såkalla «Seven Summits». På vegen opp til kvart fjell komponerte han ei låt som han spelte på toppen. Her frå Aconcagua i Argentina, 6961 meter over havet.

Foto: Privat

– Plutseleg fann dei ut at dette skulle vere eit testår. Dei gjorde alle ekspedisjonar forbode å gå utan oksygen.

Erlandsen tenkte eigentleg å prøve seg uansett. Men då han fekk høyre at konsekvensane var tre månadar i fengsel og full utestenging av alle utlendingar i fem år, la han det frå seg.

– Det er klart det var kjedeleg. Er hadde førebudd meg i eit år. Eg hadde, som Løke, ambisjonar om å bli første nordmann til å nå toppen utan oksygen.

På veg til Mount Everest

På nordsida av fjellet gjekk det 53 menneske då Erlandsen gjekk. På den andre sida gjekk om lag 1000 menneske opp samtidig.

Foto: Tshering Pande Bhote

Likevel oppnådde nordlendingen andre bragder.

Han var i den første gruppa med utlendingar til å nå toppen frå nordsida sidan pandemien. Og han var den første nordmannen til å nå toppen frå denne sida på ti år.

Erlandsen var på toppen 23. mai kl. 05.30. Frank Løke var på sin side på toppen 20. mai kl. 22.

Les også Publikum må ha fire sertifikater når Håkon spiller konsert: – Første gang i historien

Håkon Erlandsen "spiller" saksofon under vann

Les også Håkons jakt på seg selv: – Det skjer noe når du oppdager ditt eget potensial

Musiker Håkon Erlandsen øver i base camp på vei opp til Mount Everest