Hopp til innhold

Klassiske norske eplesortar skal vekk frå marknaden

Landbruksministeren vil kalle Bama «inn på teppet» etter at selskapet signaliserte at dei vil fase ut tradisjonsrike eplesortar.

Fruktgård Ølmheim

EPLE-STRID: Det bryggjar opp til full eple-strid etter at Bama varsla at «Åkerø» er på veg ut og at to «eigen-patenterte» sortar er på veg inn.

Foto: Torje Bjellås / NRK

I slutten av august varsla Bama, som dominerer den norske eplemarknaden, at dei vil byte ut fleire klassiske norske eplesortar til fordel for Fryd (WUR 6) og Eden (WUR 28).

Signalet har ført til sterke reaksjonar blant norsk bønder, og er i ferd med å få eit politisk etterspel.

Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) seier at eple-grepet «svekkjer råderetten til bonden over eigen produksjon og tilgangen forbrukarane har til eit variert vareutval» og har varsla at han vil kalle Bama «inn på teppet».

På Stortinget har partia Venstre og Raudt engasjert seg, og kravd skriftlege forklaringar frå den same ministeren.

«Kva er statsråden si haldning til at Bama styrer produksjonen av eple mot varemerkeregistrerte eplesortar dei sjølv har lisens på og dermed tek kontroll over ein større del av verdikjeda?» spør Venstrerepresentant Alfred Bjørlo.

Etter det Nettavisen erfarer skal lisensen dreie seg om rundt 30 kroner per tre.

Nyutnevnt landbruk- og matminister Geir Polestad

– Det har over tid vore ei utvikling der kjedene får stadig større makt over både leverandørar og produsentar, seier Landbruksminister Geir Pollestad (Sp).

Foto: Frederik Ringnes / NTB

– Har ikkje tilstrekkeleg preferanse blant forbrukarane

Produksjonsplanen frå Bama viser at det er epletypane Julyred og Åkerø som er på veg ut.

Vidare skal Elstar, Summerred og Prins bli fasa ut, og «det er ønske om å satse på eit anna lagringseple» enn Rubinstep.

– Dette er eplesortar som ikkje har tilstrekkeleg preferanse blant forbrukarane lenger, forklarer Bama.

Om «eple-gate» har ført til sterke reaksjonar (sjå under), finst det også fruktbønder som støttar grepet til Bama.

I ein kronikk skriv eplebonde Knut Amund Surlien at den tøffaste konkurransen frå utlandet kjem frå sortar som er «søte, sprø og faste», og at «dersom marknadsdelen for norskproduserte eple skal auke, er det rasjonelt å leite etter sortar som set norske fruktbønder i stand til å konkurrere om dette segmentet.»

Magnar Velure er ein erfaren eplebonde i Grimo i Hardanger.

– Eg synest denne saka har komme skeivt ut. I grunnen er det ei ikkje-sak, seier han til Nationen.

Kari dyrker epler på store områder
Foto: THERESE G.PISANI / NRK

Viser maktforskyvinga i norsk matproduksjon

I avisa Trønderdebatt skriv redaktør Snorre Valen at det er noko «nesten lattervekkjande ved kontrasten mellom marknadsføringa av norsk frukt på den eine sida – og realitetane, der ein pressar fruktbønder til å dyrke eigenpatenterte konserneple medan ein overlèt gamle Hardanger-eplesortar til å fasast ut av seg sjølv».

Han kallar utviklinga emblematisk for «maktforskyvinga over tid i norsk matproduksjon» og «den vertikale integreringa» i norsk landbruk der éin instans får makt over heile verdikjedene.

Han konkluderer:

– Eg kjenner ikkje nokon som er motstandarar av effektiv matproduksjon, men eg trur både matgigantar og store landbrukssamvirke gjer lurt i å hugse at det er noko meir enn berre kyllingslakteri og eplesortar dei tuklar med, når makt stadig, og sakte men sikkert, blir flytta vekk frå dei som faktisk produserer maten.

Røde epler.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

1. nestleiar i Noregs Bondelag, Egil Hoen, seier til NRK at «Valen set lys på eit svært viktig tema» og at den vertikale integrasjonen «svekkjer plassen til bonden i verdikjeda».

– Det har vore ein styrke for landbruket at ein i fellesskap har utvikla nye sortar for å møte ønska til forbrukaren og endra klima og dyrkingsforhold. Dersom utviklinga av nye sortar blir knytt til enkelte aktørar, vil det svekkje produsenten og forbrukarane.

Hovudsesongen for norske eple kjem i september, men dei tidlegaste epla har allereie vorte hausta.

– Slik det ser ut no kan det bli den beste sesongen for frukt på meir enn 10 år, og ein kraftig oppgang frå i fjor, siger ernæringsrådgivar Iselin Bogstrand Sagen i Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG).

Matmagasinet Epler