KORK og eit knippe av dei beste artistane frå Sogn og Fjordane er klare for fylkesfest
Over 2500 besøkande kjem til den store fylkesfesten i Operahuset Nordfjord når eit av dei beste og mest sprelske symfoniorkester kjem til fylket for fyrste gong.
VIDEO: Eva Weel Skram i Eva & The Heartmaker øver saman med KORK til den store fylkesfesten i Operahuset Nordfjord som byrjar i kveld.
KORK-besøket skal markere slutten på Sogn og Fjordane si feiring av sine første 250 år. Feiringa kulminerer i heile tre konsertar med lokale artistar og Kringkastingsorkesteret (KORK) i Operahuset Nordfjord.
Det er eit knippe av dei beste artistane frå Sogn og Fjordane som får framføra musikken sin i versjonar som aldri før har blitt presentert. Tone Damli, Eva & The Heartmaker, Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Odd-Erik Lothe og Good Time Charlie er nokon av artistane som skal vere med.
Konsertane er allereie utseld med over 2500 tilgjengelege billettar.
Fredag 15. november kl. 19.00 er fyrste konsert, i tillegg til at det er to konsertar laurdag 16. november kl. 16.00 og kl. 19.00.
NRK skal produsere TV-program av konsertane. Det blir sendt på NRK1 fredag 13. desember kl. 20.05 og reprise i romjula.
ULIKE ARTISTAR: Sigrid Moldestad er ein av fleire artistar frå Sogn og Fjordane som skal vere med på konserten.
Foto: Øystein Torheim / NRK
Fyrste gong
Det er fyrste gong Eva & The Heartmaker skal spele med eit så stort orkester som KORK.
– Det er veldig stort, og veldig spesielt når det er vår eigen musikk og våre eigne låtar, seier Skram.
Eva & The Heartmaker har heldt på i åtte og eit halvt år.
– Det har vore ein lang veg til dit vi er no, og eg føler at dette er ei fin gåve på slutten av året å få oppleva noko sånt. Eg trur det vert fantastisk.
Dei skal spele den kjente songen «Joanna», som har blitt spelt mykje på radio dette året. I tillegg så har dei gjort ein nyinnspeling av songen «Calling you», som i desse dagar er gitt ut som singel.
– «Calling you» er ein ballade og det er uvanleg for oss. Vi bruker nesten berre å ha tempolåtar, så det er kjekt å vise oss fram frå ein annan side. Vi synest at den passer veldig godt i lag med orkesteret.
Skram synest at det er veldig kjekt at konserten er i Operahuset på Eid.
– Det er eit fantastisk operahus. Eg har spelt her før, men no kjem det verkeleg til sin rett med eit fullt orkester.
GLEDER SEG: Frode Larsen (t.v.) og Stian Sjursen Takle (t.h) gleder seg til konsertane.
Foto: Eirik Sivertsen / NRK
Frysningar
– Det er så fint. No kom eg akkurat inn frå salen der Sigrid Moldestad øvde på «Så tag mitt hjarte». Tårene rann ned kinnene og eg fekk frysningar i heile meg, seier ein oppglødd Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar for KORK arrangementet.
Programprodusent Frode Larsen meiner at dei er akkurat der dei skal vere no før konserten, men at det er nokon som spring litt fortare enn vanleg.
– Korleis er det å flytte eit så stort apparat hit til Eid?
– Det bør ein aldri gjere, men gjer det heile tida då. Det er jo NRK sitt orkester og vi skal jo vere overalt. Dette er rutine og ein heilt vanleg dag for oss. Så gale har vi det altså, men i full glede. Eg har rett og slett verdas beste jobb, seier Larsen.
Fest
Sjursen Takle og Larsen gleder seg til konsertane.
– Det er fyrst no vi får høyre korleis desse låtane som er arrangert unikt for denne anledninga høyrest ut med eit symfoniorkester. Så dette er 17. mai, julaftan og nyttårsaftan på ein gong, seier Sjursen Takle.
VIDEO: Ein smakebit av øvinga til Thea Hjelmeland og KORK.