Hopp til innhold

KORK-konsertane utselde – men det er håp for etternølarane

Kringkastingsorkesteret møter stappfulle salar når dei i november for første gong kjem til Sogn og Fjordane. Ein månad før konsertane er alle billettane allereie rivne vekk.

KORK

ALLE VIL HØYRE DEI: 2500 personar får oppleve Kringkastingsorkesteret på Eid i november. Billettane er rivne vekk, men etternølarane kan sette seg på venteliste.

Foto: Blunderbuss/NRK

– Vi var veldig spente på korleis billettsalet ville gå, og det er utruleg kjekt at det allereie er utselt, ein månad før det heile brakar laust, seier Stian Sjursen Takle, som er NRK sin prosjektleiar for arrangementet.

Fleire av fylket sine fremste og mest folkekjære artistar skal stå på scena saman med orkesteret. Eva & The Heartmaker, Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Odd-Erik Lothe og Good Time Charlie, skal alle delta saman med nokre heldige lokale talent.

Takle fortel at folk frå heile fylket og nabofylka kjem for å få med seg den musikalske storhendinga.

– Den nøyaktige oversikta har vi ikkje endå, men det ser ut som det kjem folk frå over alt i fylket, og det er også fleire frå Møre som har fått tak i billettar, seier ein spent leiar.

Kringkastingsorkesteret skal gjere tre konsertar for om lag 1.500 store og små i Operahuset Nordfjord 15. og 16. november I tillegg får over 1.000 elevar oppleve generalprøvene til festkonserten.

– Totalt får 2500 personar oppleve KORK saman med store lokale artistar og talent. Alle som skal vere med gler seg veldig, og ser fram til å stå på scena i Operahuset på Eid, seier Sjursen Takle.

Framleis håp for dei utan billett

Det er første gong Kringkastingsorkesteret kjem til fylket, og konsertane er eit samarbeid mellom NRK og Operahuset Nordfjord, og inngår også i feiring av Sogn og Fjordane Fylkeskommune si feiring av 250-årsjubileumet.

Sjursen Takle understrekar også at det framleis kan vere mogleg å skaffe seg billett.

– Det er venteliste på billettane, så dei som står utan billett så langt må ikkje gje opp! Vi vil at det skal sitte folk i alle seta på alle førestillingane, seier Sjursen Takle, og har oppmodinga klar.

– Ring operahuset og set deg på venteliste, dette blir heilt unike konsertar som ein berre må få med seg.

Skulle gjerne sett opp fleire konsertar

No er det hektisk aktivitet for alle som er involverte i prosjektet. Det er ei hektisk tid for alle involverte.

– Det kjem 70 stykk frå KORK, i tillegg til nesten 20 solistar og unge talent. Vi jobbar på spreng med å lage KORK-versjonar av 12 låtar frå artistar frå Sogn og Fjordane, og sette saman programmet, fortel Takle.

Det er mykje planlegging som krevst for å få alt til å henge saman, både på og utanfor scena.

– Alle gler seg, og det er utruleg kjekt å arbeide med eit prosjekt det er så mykje entusiasme krig. Eg har ikkje opplevd liknande.

Prosjektleiaren er glad for at det er så stor interesse for konsertane, og skulle gjerne sett opp fleire, slik at endå fleire kunne få oppleve KORK og dei lokale artistane.

– Eg skulle ynskje vi kunne sett opp fleire framsyning, men det er heilt umogleg. Vi har putta inn så mykje som mogleg, og endå litt til i løpet av dei dagane KORK er i fylket.