Eit samrøystes nominasjonsmøte valde søndag den 32 år gamle trebarnsfaren som Framstegspartiet Sogn og Fjordane sitt fremste stortingshåp ved neste års stortingsval.
I dag er det Åge Starheim som representerer partiet på Stortinget. Han vart partiet sin første frå fylket då han vart vald inn i 2005.
– No har eg sendt jobbsøknaden og skal på eit 15 månader langt intervju. Mykje kan skje på desse månadene. Det er opp til veljarane å vurdere jobben min forgjengar har hatt, seier Frank Willy Djuvik.
Kona var mest positiv
Djuvik er fylkesleiar, gruppeleiar på fylkestinget, sit i partiet sitt organisasjonsutval, ektemann og trebarnsfar. Med andre ord aktiv som ein politikar skal, og bør vere. Etter stortingsvalet 2013 kan det bli vekependling til og frå Oslo.
- LES OGSÅ:
– Eg er jo mykje vekke allereie i dag. Ofte to-tre dagar i slengen. Skilnaden blir vel eigentleg at eg blir meir stabilt vekke, seier Djuvik som på grunn av eit allereie høgt aktivitetsnivå måtte gå nokre rundar i heimen før han til slutt tok på seg å vere listetopp. Og denne runda var det ikkje kona Ramona Jakobsen som kravde.
– Nei faktisk ikkje. Ho var faktisk den som var mest positiv og villig til å finne ein balanse. Eg var nok meir tilbakehalden. Men ho krev retten å klage når det blir for mykje. Og den skal ho få, fortel Djuvik.
– Blir positivt for oss
– Eg har sett krav, og dette blir på min måte, ler kona og fortel at ho aldri i livet ville ha nekta ektemannen denne moglegheita. Sjølv om det er ho som må ta den største støyten i heimen dersom Djuvik blir stortingsrepresentant.
- LES OGSÅ:
– Han er jo mykje borte til vanleg, så eg ser faktisk positive på dette. Det blir i meir ordna former, og han blir meir heime i helgane. Det er positivt både for meg og ungane, fortel Jakobsen.
– Dette er noko han verkeleg ivrar for og elskar. Du ser det på han, og han gir veldig mykje av seg sjølv når han er heime. Det er motiverande for oss begge, held ho fram.
Familien først
– Skulle det gå, så blir eg ikkje den første familiemannen på Stortinget. Og alle andre har jo fått det til, men det blir jo ei utfordring. Det blir jo det, seier Djuvik som har to søner (4 1/2 år og 2 1/2 år) og ei dotter (1 1/2) år.
- LES OGSÅ:
Partiet er allereie varsla om at familielivet vil uansett komme før møte, arrangement eller anna som han må stille på for partiet. Djuvik fortel han vil bli endå råare på å prioritere helgeaktivitetar.
– Skulle til dømes noko krasje med sonen min sin første dag på skulen, så er det ikkje aktuelt å vere andre plassar enn på skulen. Uansett om det er partileiar Siv Jensen som kjem eller debatt i NRK, seier han bastant.
– Eit oppegåande lag
Etter helgas nominasjonsmøte er det klart at Djuvik får med seg Kristine Lie, Lars-Svein Drabløs og fylkesleiar i FpU, Marius Reiakvam, på dei neste plassane.
– Det er eit oppegåande lag, og eg er ikkje redd i det heile om nokon av dei må steppe inn. Eg vil sjølvsagt reise ned for å gjere jobben, men vi må vere eit lag som fungerer for at det skal gå, seier han.
Som for første gong opplevde å bli vald til noko, utan at nokon røysta blankt.
Ynskja harmonerte
Partiet prøvde for første gong å kombinere både veljarane og medlemene sine ynskje for valet.
Via nettet har dei fått i overkant 300 innspel totalt på korleis lista skulle sjå ut.
– Vi var jo veldig spente på korleis ynskja frå veljarane var i forhold til ynskja frå lokallaga. Og dei harmonerte jo ganske bra, seier han.
Misser mandat
På spørsmål om han har trua på at Sogn og Fjordane Frp vil vere representert i neste periode, vil ikkje Djuvik spekulere.
– Eg meiner eg er kvalifisert til å gjere ein god jobb for folket i Sogn og Fjordane, og vil vere oppteken av å vere tett på det som skjer her heime, seier han.
Ved neste stortingsval
.– Vi har tredjemandatet i dag, og vil gjere alt i vår makt for å forsvare det, seier Djuvik. Vel vitande om at det har han kona si velsigning til å gjere.