32-åringen som er busett i Florø er i dag både gruppeleiar og fylkesleiar i Framstegspartiet.
Partiet sin sitjande stortingsrepresentant, Åge Starheim, gjorde det tidlegare i vinter klart at han vil seie nei til å bli renominert.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Djuvik ville då ikkje seie noko om kor vidt han kunne tenkje seg å stille som toppkandidat, men etter ei runde i tenkjeboksen har fylkesleiaren sagt ja.
Når Nominasjonskomitéen i Sogn og Fjordane Frp har lagt fram si liste, er det med nettopp Frank Willy Djuvik på topp. På andre plass er 20 år gamle Kristine Lie frå Sogndal, medan Hogne Bleie frå Vågsøy er innstilt på 3. plass.
1. Frank Willy Djuvik Flora 1979
2. Kristine Lie Sogndal 1992
3. Hogne Bleie Vågsøy 1967
4. Rita Navarsete Sogndal 1963
5. Marius Reiakvam Naustdal 1988
6. Lars-Svein Drabløs Eid 1947
7. Bjørg Kjos-Wenjum Luster 1969
8. Bjørg Sølvi Refvik Førde 1957
9. Ove Henning Håkonsen Førde 1967
10. Bjarne Holme Flora 1964
Leiar i Nominasjonskomitéen, Sture Thorgaard, seier i ei pressemelding at lista er godt balansert både med tanke på geografi, kjønn, alder og erfaring.
– Vi har lagt størst vekt på kompetansen til kandidatane, og har vore heldige som har hatt så mykje flinke kandidatar frå heile fylket, og i alle aldrar.