Hopp til innhold

Djuvik stiller som kandidat

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik stiller som stortingskandidat for Framstegspartiet.

Frank Willy Djuvik
Foto: Oddleif Løset/NRK

Djuvik, som er busett i Florø, har tidlegare vore i tenkjeboksen, etter at partiet sin sittande stortingspresentant frå fylket, Åge Starheim , gjorde det klart at han ikkje tek attval ved valet neste år.

Starheim er inne i sin andre stortingsperiode.

LES OGSÅ: Gir seg etter to periodar på tinget

Mange oppmodingar

Etter å ha gått ein runde med familien, har 32 år gamle Djuvik no kome fram til at han seier ja.

– Dersom både nominasjonskomiteen og nominasjonsmøtet vil nominere meg stiller eg meg til disposisjon.

– Det er veldig mange som har oppmoda meg om å stille, både einskildmedlemmer og lokallag. Så vidt eg veit er eg føreslegen som kandidat utan å ha sagt ja, men no har eg varsla at eg seier ja takk.

– Sikker på Frp-mandat

– Reknar du med at du dermed er stortingsrepresentant frå hausten 2013?

– Vi skal ha nominasjon først, men eg er heilt sikker på at Framstegspartiet får eit mandat frå Sogn og Fjordane. Om det blir meg eller ein annan vil vise seg på nominasjonsmøtet 10. juni.

– No blir talet på mandat redusert frå fem til fire, og det fjerde mandatet er utjamningsmandat. Kan du vere så sikker på at Frp vil få eitt av dei tre andre mandata?

– Ja, hadde eg ikkje vore sikker på det så hadde eg ikkje stilt.