Hopp til innhold

Eitt mandat mindre til fjordfylket

Det er no klart at Sogn og Fjordane berre får fire stortingsmandat frå og med stortingsvalet i 2013.

Ingrid Heggø og Tor Bremer

UTSETT MANDAT: Tor Bremer, Ap, er den som har det femte mandatet frå Sogn og Fjordane i dag. Her saman med partifelle Ingrid Heggø, som sit tryggare i stolen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kommunalminister Liv Signe Navarsete stadfestar det som lenge har vore signalisert, at talet på stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane blir redusert frå fem til fire.

Navarsete likar utviklinga dårleg, men seier det er ei avgjerd basert på rein matematikk.

– Som ein av dei som er vald frå Sogn og Fjordane likar eg ikkje dette. Det betyr at vi får ei stemme mindre i den nasjonale debatten.

Sakkar akterut

Sogn og Fjordane sakkar akterut folketalsmessig, og det straffar seg også politisk. Ved neste stortingsval vil fylket miste ein representant på Stortinget fordi vi har ei dårlegare folketalsutvikling enn resten av landet.

– For departementet sin del er dette rein matematikk. Skal dette endrast må det fremjast eit grunnlovsforslag som så skal vedtakast av Stortinget, for dette er ein stor prosess, seier Liv Signe Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet).

Liv Signe Navarsete

LIKAR DET IKKJE: Kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Bremer får det vanskeleg

I denne stortingsperioden har Arbeidarpartiet to representantar, Ingrid Heggø og Tor Bremer, Senterpartiet har ein representant (Liv Signe Navarsete er vald, men Erling Sande møter på Stortinget så lenge ho er statråd), Høgre har ein representant, Bjørn Lødemel, og Framstegspartiet har ein representant, Åge Starheim.

Om det blir eit direktemandat og ikkje utjamningsmandatet som forsvinn er det plassen til Ap-representant Tor Bremer som vil forsvinne. Bremer sjølv vil gjerne ha attval på Stortinget, no blir det vanskelegare.

– Det er forsåvidt underordna korleis eg kjenner det som person, det interessante er korleis det blir for fylket. Sogn og Fjordane hadde vore best tent med å ha flest mogeleg representantar på Stortinget.

Det er Stortinget som avgjer korleis talet på representantar skal fordelast, og det er i blanding av folketal og geografi som avgjer samansetnaden.