Hopp til innhold

Trur billettane blir rivne bort

Om ei veke blir billettane lagt ut for sal, og arrangør Per Øyvind Helle trur dei til blir rivne bort på kort tid.

Per Øyvind Helle, Roy Austbø og Anne Rimmen

MØTE I DAG: Per Øyvind Helle og Roy Austbø i eventselskapet HippHipp Flora fekk MGP-diplom av programleiar Anne Rimmen på eit møte i Oslo i dag.

I januar kjem Melodi Grand Prix-sirkuset til Florø, og ein million tv-sjåarar vil rette augene mot den lille kystbyen.

– Eg har kjempestore forventningar til det som skal skje, seier arrangør Per Øyvind Helle.

Var på MGP-møte i dag

Det er Per Øyvind Helle og Roy Austbø i eventselskapet HippHipp Flora som er arrangørar og prosjektleiarar for delfinalen i Florø.

– Erfaringsmessig er Melodi Grand Prix noko folk likar. Sjølv om mange er kritiske til arrangementet, forstår dei fleste at dette er positivt, seier Helle.

I dag var dei i møte i Oslo med produksjonsselskap, NRK og representantar for dei andre vertskapsbyane i landet.

– Det har vore svært interessant å høyre på dei som har arrangert Melodi Grand Prix tidlegare. Dei er alle kjempepositive til arrangementet, så no er vi endå meir sikre på at det er rett det vi har gjort, seier Helle til NRK.no.

100 tonn utstyr

Det er under tre månader til produksjonsselskapet Dynamo Story og NRK inntek Florø med eit mannskap på over 150.

Det er Florø Idrettssenter som blir arena for det mest populære underhaldningsshowet på tv, og førstkommande tysdag blir dei 2500 billettane lagt ut for sal.

100 tonn utstyr skal riggast opp og nesten 500 menneske vil vere i sving for å få arrangementet i mål.

– Vi gledar oss fælt. Det er mykje arbeid igjen og det er mykje som skal klaffe for at dette skal bli ein suksess, seier Helle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø idrettssenter

ARENA: Florø Idrettssenter er arena for delfinalen, og skal ta imot over 2500 publikumarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Show som alle diggar

Dei fire delfinalane blir arrangerte på Ørland, i Florø, Skien og Sarpsborg. Sjølve finalen skal vere i Oslo i midten av februar.

– Florø er den einaste nye byen som skal arrangere delfinale. Dette blir eit spektakulært show som alle diggar, både dei på to og hundre år, seier Helle.

I slutten av november blir det klart kva artistar som kjem til kystbyen.