Hopp til innhold

Kjende røyklukt ein halv time før brannen

FLÅM (NRK): Dei kinesiske passasjerane som var i turbussen som tok fyr i Gudvangatunnelen, fortel at dei kjende røyklukt i bussen ein halv time før det tok til å brenne.

Gan Ziliang

KJENDE RØYKLUKT: Gan Ziliang (21) varsla ikkje om røyklukta fordi han trudde det var normalt.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Vi kjende det lukta i bussen lenge før brannen, men vi trudde det var normalt og sa ikkje noko, seier Gan Ziliang.

21-åringen er ein del av eit kinesisk reisefølgje. Følgjet har vore på reise i ei veke og kom til Oslo måndag. Tysdag skulle dei til Geilo, men reisa fekk ein brå slutt i Gudvangatunnelen.

– Då bussen stogga inne i tunnelen såg vi at det brann bak i bussen. Då greip vi tinga våre og sprang. Heldigvis vart vi plukka opp av ein hyggeleg bilist.

Dramatisk

For det kinesiske reisefølgjet på 32 blei det eit dramatisk møte med Norge.

Liu Yuesheng

VAR REDD: Liu Yuesheng (16) var så redd at ho ikkje fekk med seg om det var andre i tunnelen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Eg var så redd at eg fekk ikkje med meg om det var andre i tunnelen. På grunn av brannen og røyken kunne eg ikkje sjå klart, fortel 16 år gamle Liu Yuesheng.

Også ho er full av lovord over Olav Hylland som berga dei ut av tunnelen.

– Heldigvis vart vi plukka opp av ein bil som hjelpte oss i sikkerheit.

Ikkje alle var like heldige. Fem personar vart sende til sjukehus med røykskadar. Voss sjukehus har teke imot alle fem pasientane, og fire av dei er alvorleg skadde. Klokka 18.05 melder Helse Bergen at ein person er utskriven.

Om lag klokka 18.30 melder sjukehuset på Voss at tre av pasientane er alvorleg skadde.

– Bussen var nyleg kontrollert

Bussen høyrde til det svenske busselskapet Ellös Buss, som i alt har 50 turbussar. Selskapet opplyser at dei ikkje har opplevd liknande med nokon av dei andre bussane i selskapet, og har ingen teoriar om kva som kan ha utløyst brannen.

Andreas Demerholtz, som er administrerande direktør i Ellös Buss, hyllar bussjåføren som starta evakueringa av passasjerane og sidan fekk røykskader, då han sjølv forsøkte å sløkke brannen.

– Bussjåføren har handla raskt og fått evakuert passasjerane og sjølv forsøkt å sløkke brannen. Meir veit vi ikkje om det som har skjedd, seier Demerholtz.

– Men no høyrer vi at passasjerane fortel at dei kjende røyklukt i ein halvtime før det byrja å brenne, og andre augevitne fortel at det rauk kraftig av bussen før den køyrde inn i tunnelen?

– Det har eg ingen opplysningar om. Det eg veit er at bussen var i god stand og vart kontrollert for berre ei veke sidan, seier Demerholtz.