Dette skjedde like før han skulle inn å sone ein dom for tidlegare ubetalte hotellrekningar, seier politiadvokat Nanna Aaby.
Det er altså langt frå første gong mannen som er i 40-åra frå Sunnfjord har prøvd å stikke av i frå hotellrekninga si. I følgje politiet sin eigen statistikk er bøtlagt og fengsla for det same mellom 20 og 30 gonger tidlegare. Og i går hamna han altså bak lås og slå nok ein gong.
Fleire svindlarar
Men han er langt i frå den einaste som har vore på ferde i Sogn og Fjordane siste åra. I fjor sommar turnerte ein trønder på same vis frå hotell til hotell utan å betale for seg. Også ein austlending var i fjor sommar på ferde her i fylket og fleire andre stader.
- Gode nok rutinar
Odd Erik Gullaksen i Reisebedriftenes Landsforening i Sogn og Fjordane meiner hotella har gode nok rutinar.
- Frå tid til annan vil vi oppleve dette, men det er ikkje noko stort problem. Hotell- og restaurant-bedriftene er stort sett flinke med kredittrutinane sine, seier Gullaksen