Elkem skal bygge ein fabrikk som skal produsere høgreint silisium til solceller. Denne skal vere i drift frå 2007, men Elkem har ikkje bestemt kvar anlegget skal liggje. I følgje Firdaposten kan det vere snakk om 100 nye arbeidsplassar, og ordførar Kåre Olav Svarstad har allereie tomt til ein ny fabrikk.
Håpar på Svelgen
1. mai i år sa Elkem-direktør Ole Enger at Svelgen kunne vere aktuell lokalisering og Svarstad har teke kontakt med stortingsrepresentant og partifelle Reidar Sandal i håp om hjelp frå den kanten. For ordføraren håpar på at Elkem vel Svelgen.