Hopp til innhold

Norsk metall skal sørge for at denne landar trygt på Mars

Når Nasa sin nye rover skal lande på Mars i februar, er dei heilt avhengige av norsk metall frå Finnmark og Sunnfjord.

Perseverance Rover slik det er tenkt at den skal fungere på Mars.

SKAL LEITE: Persevrance Rover skal bruke minst eitt Mars-år på å leite etter gamalt liv. Eitt Mars-år svarar til to jordår.

Foto: NASA

30. juli blei Perseverance Rover skoten opp frå Cape Canaveral i Florida. 18. februar neste år skal romfartøyet lande på den mystiske planeten.

Men for å kunne lande trygt, er dei heilt avhengige av batteria frå den amerikanske produsenten Eaglepicher.

Dei er igjen laga av noko av det reinaste produktet som blir produsert her i landet: silisiumkorn frå Elkem Bremanger i Svelgen i Sunnfjord.

Arne Werge-Olsen, direktør på Elkem sitt silisiumverk i Svelgen.

GLER SEG: Verksdirektør i Bremanger, Arne Werge-Olsen.

Foto: Elkem

Frå Tana til Mars

– Vi er veldig glade for å få lov til å vere med på dette eventyret, seier verksdirektør i Svelgen, Arne Werge-Olsen.

Råstoffet kjem frå dei store kvartsittgruvene i Tana i Finnmark, blir frakta til Svelgen, og foredla til det Elkem kallar Silgrain.

– Dette er små korn av høgreint silisium som blir brukt i elektronikk. I starten er det ein vanleg ferrosilisium-produksjon, men så har vi ein eigen produksjon som klarer å lage dette heilt spesielle materialet, forklarar Werge-Olsen.

EaglePicher-batterier er i den nye roveren som er på veg til Mars.

SUPERBATTERI: Med hjelp av norsk metall, skal desse batteria sørge for at landinga på Mars går føre seg etter planen.

Foto: EaglePicher

Skal leite etter gamalt liv

No er altså metallkornet blitt til batteri som skal sørge for at Nasa sitt prestisjeprosjekt går etter planen. Landinga på planeten er ein kritisk fase av Mars-ekspedisjonen.

– Vi er stolte av det langsiktige forholdet vårt til Eaglepicher, som tek Silgrain langt utanfor dei jordiske grensene våre i jakta på kunnskap, skriv Elkem.

Batteria med norsk silisium er såkalla termiske og kan berre brukast éin gong.

Den nye Mars-roveren er designa for å forstå geologien til Mars betre og skal søkje etter teikn på eldgamalt liv.

– Oppdraget vil samle og lagre eit sett med stein- og jordprøver som kan kome tilbake til jorda i framtida, skriv Nasa om prosjektet.

– Blir ein stor dag

Det er om lag 54,6 millionar kilometer frå Mars til Svelgen i Sunnfjord.

Men når det nærmar seg dagen for når romsonden skal lande, kjem direktøren og arbeidarane på Elkem Bremanger til å følgje nøye med.

18. februar blir landingsrakettane tent og batteriet som inneheld Silgrain blir frigjort. Om alt då går bra, kan Persevance starte på oppdraget sitt.

– Det blir ein stor dag og då får vi verkeleg testa at dette fungerer, slår direktøren fast.

Perseverance Rover på veg til Mars. Forventa landing er 18. februar 2021.

PÅ VEG: 20. juli i år blei romsonden skoten opp frå Florida.

Foto: NASA