– Eg er jo ein bygdegut, du veit korleis det er. Du skal ikkje skilje deg for mykje ut, seier Kjartan Lauritzen (26).
Artisten, som eigentleg heiter Per Áki Sigurdsson Kvikne, kjem frå den vesle bygda Balestrand i Sogn og Fjordane.
Med knappe 1300 innbyggjarar var det vanskeleg å vere annleis.
No syng han om fuktige fredagar og klengete jenter på landets største konsertscener. Lite vitnar om ein sjenert bygdegut.
Låten «Fredag» har blitt ei av hans største. Han riv av seg kleda og kastar seg ut i publikum.
– Eg vil at folk skal bli gale, seier han.
Gøymde seg bak ein karakter
– Om du ikkje spelte fotball, var det ikkje så mykje anna å gjere. På ungdomsskulen trur eg folk syntest at dei som gjorde andre ting var teite.
Kjartan spelte fotball, men var mest glad i gitaren.
– Det kom ofte kommentarar, men å spele gitar er ikkje det teitaste du kan gjere. Å bli rappar er litt meir harry, kanskje.
Løysinga vart å skjule seg bak karakteren Kjartan Lauritzen.
– Eg var lur, for eg skjulte meg bak han. Brukte små solbriller og rappa på hissig bergensk, og sa at det berre var eit gøy prosjekt, seier han.
– Eg innsåg at du ikkje trong å gå med stramme jeans med strikk rundt anklane for å passe inn. Og så lærte eg at du kan vere rar, gjere rare ting og framleis vere tøff, ler han.
Han vart trygg nok på seg sjølv til å synge på eiga dialekt. No er Kjartan og Per same person.
– Ei slik utvikling er ganske vanleg når du rappar og kjem frå bygda, seier Runar Gudnason.
Han er betre kjend som «Sjef-R» og «Thorstein Hyl III» i rappegruppa Side Brok frå Hovdebygda i Ørsta, som slo gjennom tidleg på 2000-talet.
– Du følar deg fram og lèt litt som det er på kødd. Då går det an le litt av det, i tilfelle ingen likar det du gjer. Så du køddar litt, driv litt rollespel og leikar med identitet fram til du finn den autoriteten du treng for å levera rap som funkar, seier Gudnason.
Tvinga av kjærasten
Surmjølk, gravensteineple og vatn frå Balestrand. «Rideren» til Kjartan viser at han framleis har eit hjarte for heimstaden.
Kjartan fortel at han ikkje pleier å seie ja til tilbod om å vere med i forskjellige tv-program. Men då Symesterskapet ringde og spurde om han ville vere «modell», måtte han gjere eitt unntak.
– Kjærasten min er så stor fan av Symesterskapet og Jenny Skavlan at eg ikkje fekk lov til å seie nei.
Dei håpefulle deltakarane fekk i oppdrag å lage eit sceneantrekk til rapparen.






Sjå Kjartan i Symesterskapet her:
Har laga sin eigen ideologi
– Eg er livredd for å bli vaksen. Eg føler at vaksne er sure og gretne, og slik vil eg ikkje bli. Derfor tviheld eg på tolvåringen i meg.
I sum handlar det om å skape ein eigen ideologi, seier han: Kjartanismen.
– Det handlar om å tru på seg sjølv og vere snill mot andre.
No er målet å inspirere unge på bygda. Han trur mange har store draumar, men ikkje torer å satse.
– Eg vil inspirere ungdom på bygda til å gå sin eigen veg, gjere rare ting og vere litt idiot. Eg føler eg har bana veg ved å bli det teitaste du kan bli frå bygda – ein rappar frå Balestrand, liksom. Då kan folk klare alt.
Les også: