Kinn kastar seg inn i batterikampen

Rett før jul slapp Equinor, Hydro og Panasonic nyheita om at dei vil bygge ein batterifabrikk i Noreg. No kastar Kinn kommune seg inn i kampen. – Vi vil tilby å bruke austre delen av Grønenga i Florø, som alt er regulert til industriformål, seier ordførar Ola Teigen (Ap) til Måløy24.