To av dei aktuelle områda ligg i Sunnfjord i Sogn og Fjordane, blant anna den nye næringsparken på Moskog utanfor Førde.
Rett før jul slapp Equinor, Hydro og Panasonic nyheita om at dei vil bygge ein batterifabrikk i Noreg.
Dei inviterte samstundes norske kommunar til å tevle om kvar fabrikken med inntil 2000 arbeidsplassar skal ligge.
Med tilgrensande næringar, vil fleire tusen arbeidsplassar bli knytta til verksemda.
– Tilgang til arbeidskraft, logistikk og tilgang til kraft er nokon av dei viktigaste kriteria vi vil legge til grunn, sa prosjektleiar i Equinor, Anders Hegna Hærland 21. desember.
EU har varsla at dei vil investere 10.000 milliardar for å bli klimanøytrale innan 2050.
I det ligg det og eit ønske frå til dømes bilprodusentane om å kunne hente råstoff og element som batteri lokalt i Europa.
Og no kjem lokalpolitikarane i elbil-landet Noreg på bana for å sikre seg dei viktige arbeidsplassane.
– No er det viktig at kommunen er på offensiven og blir med i kartlegginga for aktuelle tomtealternativ for ein robust batteriverksemd, seier gruppeleiar for Høgre i Sunnfjord, Anne Lilleaasen.
Ho har vore i kontakt med kommunen, men understrekar at saka endå ikkje er politisk behandla.
– Her må vi vere frampå, meiner Lilleaasen.
Mange tusen arbeidsplassar
Til NRK seier prosjektleiar Hærland at dei ikkje kjem til å kommentere enkeltforslag til kvar fabrikken skal ligge.
– Vi har lagt opp til ein prosess der interesserte er bedne om å gje innspel innan utgangen av denne månaden. Vi set pris på den store interessa, seier han.
I ein rapport som blei lagt fram av Menon Economics i fjor, syner det grøne skiftet vil føre med seg fleire titusentals nye arbeidsplassar.
Dei såg då på fornybarnæringa, maritim, sjømat og prosessindustri.
– Norske aktørar er offensive og innovative, og ny teknologi med låge utslepp kan gjere at Noreg kan vere industrileiande, skreiv økonomane i Menon i mars i fjor.
SKIPSFART: Fleire og fleire ferjesamband blir no elektrifisert og vil ha store behov for batteri i framtida. Her frå ferjesambandet Hareid - Sulesund.
Foto: Halvard Alvik / NTBPendlaravstand
På Vestlandet står framleis den kraftkrevjande industrien sentralt, ikkje minst i Sogn.
Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) har registrert at kommunane no er invitert til å kjempe om kvar ein ny batterifabrikk skal ligge.
Han ser føre seg at fleire kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord kan gå i lag om å leggje til rette for dei 2000 arbeidsplassane.
– Vi har spelt dette inn til Sunnfjord kommune og Sunnfjord utvikling – og peika på areal kring Sande-området som aktuelt, seier Sortland.
Med ei slik plassering vil ein kunne sikre ein time pendlaravstand for folk i eit stort område.
Arendal og Rana
– Lukkast vi ikkje med dette prosjektet, vil det nok kome fleire liknande prosjekt i tida som kjem. Eit samarbeid mellom fem kommunar kan vere starten på noko spennande
Frå før er det kjend at det blir jobba for å etablere batterifabrikkar i Arendal og Mo i Rana. Også her er det snakk om fleire tusen arbeidsplassar.
– Batteriproduksjonen kan skape nye grøne arbeidsplassar og fleire eksportbein å stå på for norsk økonomi. Dette treng vi no midt i ei vanskeleg koronatid, meiner Anne Lilleaasen i Sunnfjord Høgre.