Hopp til innhold

Kaspian (8) fanga svær hummar – i ei elv

Hummar har ingenting i ei elv å gjera. Men då Kaspian var på veg heim frå skulen oppdaga han ein diger hummar. – Dette er sjeldan, fortel havforskar.

Kaspian Vilnes Mjåseth med hummaren han fanga i elva

FANGA I ELVA: Kaspian Vilnes Mjåseth viser fram hummaren han fanga i elva like ved huset der han bur.

Foto: Kent Rune Mjåseth

  • Saka er oppdatert 1. november klokka 10.45 med ei presisering frå Havforskingsinstituttet.

8 år gamle Kaspian Vilnes Mjåseth hadde gått av skulebussen måndag etter. Han var på veg heim då han kikka i elva etter aure, som han pleier å gjere.

– Der var det ein hummar. Eg gjekk heim for å hente støvlar. Eg tok han i halen for å sjå om han var i live, og det var han, fortel fjerdeklassingen som bur på Atløy i Askvoll kommune.

Guten fekk dratt hummaren opp av elva og bar den heim. Hummaren veg 4,6 kilo og er 48 centimeter lang i kroppen. Total lengde er 78 centimeter. Så stor hummar har han aldri før sett.

– Han var litt tung å bere.

Heime viste han stolt fram hummaren til mora.

– «Kva i svarte», trur eg ho sa.

Den svære hummaren har store klør, men Kaspian var ikkje redd for at hummaren skulle klype.

– Eine kloa var knekt, så han kunne ikkje klype meg med den i alle fall.

Oppspilte og gira

Pappa Kent Rune Mjåseth seier han var ganske i sjokk etter at sonen hadde fanga hummar i elva – om lag 200 meter opp frå sjøen.

– Mora var bra sjokkert, og eg kom rett etterpå. Dei var ganske så oppspilte og gira. Eg trur ikkje Kaspian sjølv forstår kor unikt det var.

Han har aldri før høyrt om hummar i elva, og seier også at storleiken er enorm.

– Eg trur det er 10 år sidan eg såg ein så stor hummar. Det er ganske heftig. Men han ser litt gamal og sliten ut. Ein hannhummar kan bli 40 år, og denne må i alle fall vere halvparten av det.

Truleg forvilla seg oppover

Havforskar Sigurd Heiberg Espeland ved Havforskingsinstituttet seier det er uvanleg at hummar hamna så langt oppe i elva. Også storleiken er sjeldan.

Han har ein teori om kva som har skjedd med hummaren.

– I mange elvar nær sjøen går det saltvatn oppover på botn av elva. Det er saltvatn under ferskvasslaget. Det kan hende at hummaren har levd i ei slags saltvasshole, og så forvilla seg opp.

Hummar som Kaspian Vilnes Mjåseth fanga i elva

Denne hummaren blir snart mat for Kaspian og kompisen.

Foto: Kent Rune Mjåseth

Han seier at hummaren etter kvart ville ha fått problem med saltbalansen, og ville ha døydd i elva.

I kveld har han snakka med nokre kollegaer.

– Dei har sagt at dette er sjeldan, eller så kunne det ha vore ein vandrehistorie. Men nokre gonger blir hummar og fisk forvirra, og ikkje forstår kvar dei er. Alternativet at nokon har fanga den og sleppt den ut, men det gir ikkje meining det heller.

Hummaren blir ikkje så veldig mykje eldre, for Kaspian har planar om eit godt måltid.

– Vi skal koke han, og så skal eg ete hummaren saman med kompisen min.

Havforskingsinstituttet presiserer onsdag føremiddag at det er strenge krav til hummarfiske. Mellom anna må dei som fangar hummar, må ha registrert seg som fritidsfiskarar etter hummar hos Fiskeridirektoratet. Det er berre hummar som er fanga i teiner som er lov å ta med seg heim og koke.

Kaspian elskar å fiske. No vil han prøve å dra garn heilt åleine.

KLART EG KAN: Kaspian elskar å fiske. I barne TV-serien «Klart eg kan» fekk han prøve å dra garn heilt åleine.