Hopp til innhold

Så mange ukrainarar har din kommune teke i mot

Over 65.000 ukrainske flyktningar er spreitt ut over landet. i Noregs minste kommune er kvar sjuande innbyggar frå Ukraina.

Utsira

Utsira kommune i Rogaland.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Det har gått overraskande bra. Eg har blitt positivt overraska. Ingen av ukrainarane har flytta ut av kommunen enno.

Det seier Marte Eide Klovning. Ho er ordførar i den minste kommunen i landet. Men Utsira er i sterk vekst.

Marte Eide Klovning

Marit Eide Klovning, ordførar i Utsira for Utsiralista/Ap.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

31 ukrainske flyktningar har gjort at folketalet på øya no er oppe i 215. Ingen andre kommunar har ein like stor andel ukrainarar.

Her kan du sjå kor mange ukrainere det har komme til din kommune de siste to årene:

– Større grunnlag for å drive kommunen

Klovning fortel at det var debatt før dei sa ja til så mange, men at dei hadde kapasitet i helsevesenet og nok stadar der flyktningar kunne bu.

Flyktningane er på mange måtar naudsynte for ein kommune som Utsira.

– Det er ikkje tilflytting her normalt sett. Men no har vi eit større grunnlag for å drive kommunen, seier ordføraren.

Ukrainarane bidreg i dugnad og det frivillige, og har starta eit lite selskap som tek seg av ymse tenester.

Ukrainskinspirerte kaker flyktningane bakte til Utsira kommune sitt 100 års-jubileum.

Ukrainarar bakte til markeringa av at Utsira kommune er 100 år.

Foto: PRIVAT



Slik tolkar du tala

I statistikken er Utsira oppført med 17 flyktningar frå Ukraina. I røynda er talet 31.

Årsaka er at IMDI ikkje oppgjer nøyaktige tal om det er færre enn fem flyktningar i ei aldersgruppe som kjem til ein kommune.

Til dømes kan det kome ein familie på to vaksne og to ungar til ein kommune. Om dette er dei einaste flyktningane i kommunen dette året vert talet likevel null.

Difor er tal for dei mindre kommunane lågare enn dei reelle tala.

Eit eksempel på dette er Kautokeino i Finnmark.

I statistikken står det at kommunen ikkje har teke i mot nokre flyktningar i det heile.

Men dette er ikkje riktig.

Les også Kartlegging av ukrainske flyktningar: – Vanskelegare å integrere enn vi trudde.

Familien Kameniev

– Fleire har takka nei

Ordførar Anders S. Buljo (Kautokeino Flyttsameliste) seier dei har ein familie som er integrerte i kommunen, og at dei ventar fleire ukrainske flyktningar.

– Kautokeino har hjarterom for desse flyktningane og ønsker dei velkomen. Fleire har fått tilbod om å bu i Kautokeino, men har takka ned til å bu på ein så avsides plass, seier Buljo.

Kommunestyret vedtok i 2022 å ta busetje 15 flyktningar, og har i år eit vedtak om 8.

Kautokeino fotografert på dagstid.

Kautokeino kommune har teke i mot få flyktningar frå Ukraina.

Foto: Patrick da Silva Sæther/NRK