Hopp til innhold

Kan vere over og ut for Sogn og Fjordane

Regjeringa ønskjer ikkje berre større kommunar. Fylkeskommunane blir oppmoda til å innleie samtalar med nabofylka for ei mogleg samanslåing. Det kan bety slutten for Sogn og Fjordane fylke.

Jan Tore Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) vil ha større fylkeskommunar.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

I stortingsmeldinga som vart lagt fram i dag, kjem det tydleg fram at Regjeringa ikkje berre ønskjer større kommunar. Også fylkeskommunane må bli større.

– Vi treng eit regionalt nivå som kan ta ei sterkare rolle i samfunnsutviklinga og møte dei ulike utfordringane regionane i landet står overfor. Endra kommunegrenser gjer at fylka også bør sjå på grensene sine, seier kommunalminister Jan Tore Sanner.

.

Må snakke med nabofylka

Forslaget er at fylkeskommunane sommaren 2015 blir bedne om å innleie nabosamtalar, med sikte på å avklare om det er aktuelt å slå seg saman med nabofylke.

Det som er lagt fram av regjeringa er den reinaste lapskaus.

Åshild Kjelsnes

Fylka får ein frist til hausten 2016 med å melde tilbake kva dei ønskjer. Etter dette vil fylkesgrensene kunne bli endra av Stortinget saman med kommunegrensene våren 2017, heiter det i ei pressemelding frå Kommunaldepartementet.

Over og ut våren 2017?

Berre Finnmark fylke har færre innbyggjarar enn Sogn og Fjordane med sine om lag 109.000 innbyggjarar. Dette kan difor bety slutten for Sogn og Fjordane som eige fylke allereie våren 2017.

Lite imponert fylkesordførar

Fylkesordførar Aashild Kjelsnes (Ap) er lite imponert over forslaga frå Sanner.

Åshild Kjelsnes

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er lite imponert over regjeringa sin kommunereform.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det som er lagt fram er den reinaste lapskaus av ulike forslag der ein ikkje ser ting i samanheng. Eg er veldig lite imponert, seier Kjelsnes.

Regjeringspartia ber fylkeskommunane innleie samtalar med nabofylke og signaliserer klart at dei vil ha større fylke. Fryktar du at Sogn og Fjordane fylke snart vil vere historie?

– Vi har allereie hatt samtalar med Hordaland og Møre og Romsdal om eit eventuelt vestlandsfylke, men responsen har vore laber. Fylkeskommunen yter gode tenester til innbyggarane og eg ser ingen grunn til at fylket vårt skal forsvinne, seier ho.

Nye oppgåver til kommunane

Skal du til dømes fornye passet, må du gå på rådhuset, ikkje til lensmannskontoret som i dag.

Treng du utsleppsløyve i samband med byggesaker, treng du ikkje bry deg om staten lenger, men kan sende søknad til kommunen.

Treng bestefar rullator, kan kommunen hjelpe. Du treng ikkje lenger vende deg til statlege hjelpemiddelsentralar.

Dersom du skal gifte deg borgarleg, vil ordføraren i kommunen vere rette person å vende seg til.

Dette kan bli noko av framtida for nordmenn, dersom regjeringspartia får det som dei vil.

Tannhelseteneste til kommunane

Kommunane kan få fleire oppgåver innan helse og velferd. Tannhelsetenesta, samt større ansvar for rehabiliteringstenester og basishjelpemiddel er mellom oppgåvene regjeringa no føreslår å overføre.

– Dette vil vere den største samla flyttinga av oppgåver til kommunane nokon gong. Vi ønskjer sterkare lokalsamfunn og kommunar med fleire oppgåver som kan gje innbyggarane betre tenester. Innbyggarane får best hjelp når kommunane kan sjå heilskapen i behovet, seier statsminister Erna Solberg (H).

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (H) ser for seg større og meir robuste fylkeskommunar.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Aurland vil stå åleine

Høgre-ordførar i Aurland, Noralv Distad, meiner Aurland vil greie å stå åleine som eigen kommune.

Noralv Distad

Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), vil kjempe for at kommunen hans med 1700 innbyggjarar skal halde fram som eigen kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er svært mykje positivt i stortingsmeldinga som vart lagt fram i dag. Sjølve prinsippet om meir oppgåver til kommunane er veldig bra. Samtidig blir dette også krevjande for kommunane, seier han.

Ministeren vil ha større kommunar. Ser du ei framtid for Aurland kommune som har berre 1700 innbyggjarar?

Ja, fordi Aurland har store ressursar og eit bra økonomisk grunnlag. På den måten skal vi greie å løyse fleire oppgåver i framtida. Men sjølvsagt må vi samarbeide med andre kommunar, slik vi har gjort. Det viktigaste er at vi greier å gje innbyggjarane tenester av høg kvalitet. Det skal vi greie, seier Distad.