Hopp til innhold

– Sjølvforsvarskurs kan gje folk falsk tryggleik

Røynde folk i kampsportmiljøet er usamde om kor mykje trening som skal til for å kunne forsvare seg.

Lars Gaute Terum

SKEPTISK: Lars Gaute Terum meiner korte sjølvforsvarskurs kan gje falsk sjølvtillit.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

– Eit helgekurs er ikkje nok. Skal ein læra ein teknikk for å fri seg frå for eksempel eit kvelartak må ein trene på den i fleire hundre timar, seier Lars Gaute Terum.

Terum har jobba som kampsportinstruktør i over 15 år. Han er skeptisk til utbyttet ein får av dei korte sjølvforsvarskursa. Forutan det ein lærer om å unngå fysiske konfrontasjonar, meiner han kursa har liten effekt.

– Sjølvforsvarskurs som lovar å lære deltakarane spesifikke teknikkar for nærkamp på eit par timar kan gje folk falsk sjølvtillit og ei kunstig kjensle av tryggleik, seier han.

Terum grunngjev kritikken med at ein må øve mykje meir enn det ein rekk på eit intensivkurs om ein skal klare å bruke teknikkane i ein slåstkamp.

I fjor var det meldt nesten 2500 tilfelle av grov kroppskrenking og kroppsskade i Noreg. Same året mottok politiet 82 meldingar om overfallsvaldtekt. Fleire sjølvforsvarskurs lovar å ruste deg for å møte slike situasjonar.

Leiar i Sogndal Ju Jitsu, Jonny Johansen, meiner sjølvforsvarskurs kan vera effektivt.

ARRANGERAR SJØLVFORSVARSKURS: Leiar i Sogndal Ju Jitsu, Jonny Johansen, meiner sjølvforsvarskurs kan vera effektivt.

Foto: Sogndal Ju Jitsu

–Ti minuttar kan vere nok

Leiar av Sogndal Ju Jitsu Klubb, Jonny Johansen, har arrangert sjølvforsvarskurs i tjue år. Han meiner det er fullt mogleg å lære bort sjølvforsvar på kort tid.

– Lite skal til før ein blir betre til å forsvare seg. Ti minuttar med teknisk trening kan lære deg å tvinge nokon i bakken, seier han.

Johansen anbefaler regelmessig trening, men tilbyr likevel kurs på åtte timar. Han meiner at eit kort kurs er betre enn ingenting.

– Det kan samanliknast med førstehjelp. Du blir ikkje ekspert, men kan avverja mange farlege situasjonar, seier han.

Trening hjå Sunnfjord MMA

SPARRING: Sunnfjord MMA trenar på teknikkar som fungerar i konkurranse.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

–Mentalitet er viktigare enn erfaring

Kursa Johansen held fokuserer også på strategiar for å unngå farlege situasjonar, og korleis ein mentalt kan førebu seg på valdelege konfrontasjonar.

Noko av det viktigaste ein kan gjere er å vere bevisst på omgjevnadane, fortel han.

– Ser du på mobilen og høyrer på musikk er du eit lettare bytte, seier Johansen.

Dersom fysisk konfrontasjon er uunngåeleg meiner han mental innstilling er like viktig som kamperfaring og evne til å slåst.

– Ein røynd MMA-utøvar kan også fryse til om ein ikkje er mentalt førebudd på å forsvare seg sjølv, seier han.