Hopp til innhold

Ber regjeringa sikre norske skip arbeid

På fjerde året kjempar sjøfartsorganisasjonar mot ein særregel som gjer at norske skip tapar konkurransen om korte oppdrag.

Bilete av norsk frakteskip

Norske reiarlag tapar mot utanlandske i oppdrag med kortare distansar, meiner Kystrederiene.

Foto: Privat

I tre år har vi banka på dørene til finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Finansdepartementet med uroa vår, men ingen har tatt grep. No hastar det.

Tor Arne Borge er administrerande direktør i Kystrederiene. Arbeidsgjevarorganisasjonen hans representerer nærare 9000 norske sjøfolk.

Grepa han siktar til, handlar om endringar i det såkalla distansekravet.

For å ha rett på ein skattefordel, det såkalla sjømannsfrådraget, må to av tre turar sjøfolk seglar på eit år vere over 55 kilometer.

Dersom ein ikkje oppfyller distansekravet, så mister sjøfolka ulempetillegget for at dei er halve året vekke frå heimen. Slike tillegg har andre maritime nasjonar også, så den norske sjømann vil misse konkurransekraft.

Også norske reiarlag vil misse konkurransekraft fordi reiarlagsskatteordninga fell bort på grunn av det same distansekravet.

Fordi regelen gjeld norske og ikkje utanlandske skip, tapar norske skip konkurransen om korte oppdrag, meiner Kystrederiene.

Organisasjonen fryktar for norske arbeidsplassar som følgje av dette.

– Diskriminerer innanriksfarten

Kystrederiene har tidlegare anslått at eit skip med besetning på ti personar kan føre til ekstrakostnader på over 3 millionar kroner per fartøy, som følge av tap av sjømannsfrådraget og ei nettolønsordning for reiarlaga.

Hans Sande, administrerande direktør i Norsk Sjøoffisersforbund, meiner innanriksfarten blir diskriminert.

Som døme peiker han på at i tilfelle der eit norsk skip som går mellom to svenske hamnar der avstanden er under 55 kilometer, aksepterer styresmaktene at ein ser vekk frå distansekravet.

Men om same skip går mellom to norske hamnar, er avstanden med i berekninga.

– Det gjer det vanskeleg for innanriksfarten å rekruttere og halde på personell viss ein får denne type avgrensingar i retten til sjømannsfrådraget.

Også han meiner regelen inneber ei stor konkurranseulempe for norske skip.

– Mange vurderer utflagging

Regelverket skriv seg tilbake til 1947, men den strengare tolkinga blei innført i 2019. Borge fortel at dei ikkje har fått noko grunngjeving for innstramminga, anna enn at Skatteetaten frå tid til anna har gjennomgangar av eksisterande regelverk og kjem med presiseringar.

Men her bommar dei totalt. Noreg har i dag over 3000 hamner og kaier. Dei fleste av desse ligg nærare enn 55 km frå kvarandre, seier Borge.

Han viser til bygginga av prestisjeprosjektet Stad skipstunnel som eit døme på korleis regelen slår ut:

750.000 lastebillass med sprengt masse skal frakast vekk i samband med prosjektet, men massane skal fraktast på avstandar under 55 kilometer.

Lengda gjer oppdraget mindre attraktivt for norske skip.

Les også Får ekstrautgift fordi stein blir frakta for kort avstand: – Hol i hovudet

Stad skiptunnel

64 prosent av all skipstransport langs norskekysten går i dag med utanlandsk registrerte skip og utanlandske sjøfolk. Det tek berre nokre timar å bytte flaggstat for eit fartøy.

Skal reiarlaga kunne overleve så må dei vurdere strukturelle endringar som mellom anna utflagging og utanlandske sjøfolk, seier Borge.

Statssekretær Erlend Grimstad (Sp) i Finansdepartementet viser til at departementet har fått fleire innspel om endringar i vilkåra for retten til sjømannsfrådrag.

– Dette er no til vurdering i departementet. Eventuelle forslag til endringar i regelverket vil bli lagt fram i forbindelse med dei ordinære budsjetta, opplyser Grimstad.

Erlend Grimstad

Statssekretær Erlend Grimstad (Sp) i Finansdepartementet.

Foto: Senterpartiet

– Krevjande grense å trekke

Kommunikasjonssjef i Finansdepartementet Tor Borgersen viser til at sjømannsfrådraget rettar seg mot sjøfolk med lange fråvær frå heimen «under ikkje-stasjonære forhold».

Han meiner det for dei fleste støtteordningar vil vere krevjande å trekke grensa mellom dei som skal få, og dei som ikkje skal få støtte. Reglar for støtte kan få utilsikta konsekvensar og bør derfor vurderast nøye, legg han til.

– Viss vi for eksempel skal gi inntektsfrådrag og tilskot for alle som overnattar på ein båt, er det ikkje utenkeleg at ordninga fører til meir overnatting på båt enn nødvendig, kommenterer Borgersen.

Han påpeiker at det også er andre yrkesgrupper som har lange fravær frå heimen utan tilsvarande frådragsregel.