Styreleiar i Firda, Morten Nilsen, seier i ei pressemelding dei er svært nøgde med å få ein så erfaren leiar med lokal forankring med på laget.
– Kai Aage Pedersen er ein erfaren og profilert journalist og redaktør, som har brei leiarkompetanse både frå avis og NRK, med digitale medium og frå endringsprosessar. Vi er trygge på at Kai Aage vil vere ei drivande kraft i den vidare utviklinga av Firda som den leiande medieverksemda i Sogn og Fjordane, seier Nilsen.
Kai Aage Pedersen starta si leiarkarriere som redaktør i Sogn Avis, han har vore distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane i to periodar og utviklingssjef i distriktsdivisjonen i NRK med ansvar for mobil og nett. No går han altså frå stillinga som regionredaktør på Vestlandet i NRK til Firda.
– Dette er eit arbeid eg går til med stor entusiasme. Firda er ei av dei flottaste lokalavisene i landet, dei har ein stolt tradisjon og ein flott stab som lagar solide redaksjonelle produkt digitalt og på papir, seier Pedersen i pressemeldinga.
Arbeidet med å styrka dei digitale medieplattformene i Firda skal halde fram med full styrke under den nye redaktøren.
- Firda på mobil skal vere førstevalet til alle sunnfjordingar kvar einaste dag. Vi må vere oppdatert heile døgeret og innhaldet må ha høg kvalitet slik at folk føler dei får valuta for pengane. Samtidig må vi lage ei god papiravis. Det er svært spennande å kunne jobbe på fleire plattformer samtidig for å møte folk sine behov for nyheiter og anna viktig innhald frå lokalsamfunnet, seier Pedersen.
Direktør i distriktsdivisjonen, Grethe Gynnild Johnsen, seier at ho tykkjer det er leit at Pedersen vil forlate NRK.
– Han har vore ein god leiar for regionen og ein god strategisk leiar i divisjonsleiargruppa over mange, mange år. Eg forstår at han ønskjer seg nye spennande oppgåver og eg ønskjer han all mogleg lukke til. Eg håper at det er rom for godt samarbeid også framover, seier Gynnild-Johnsen.