Hopp til innhold

June (19) starta å snuse for å slanke seg – no åtvarar ho andre

– Ein av tre unge som snusar, prøver å slutte. June (19) er blant dei som slit med dette.

Snus er flaut sier unge.

AUKE: Mange unge snusar og dei siste åra har det blitt stadig fleire.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

– Eg høyrde det på ein fest. At det å snuse tok frå ein matlysta, seier 19-åringen frå Sunnfjord.

Ho var 16 år då ho høyrde slanketipset. Den slanke tenåringen var usikker på seg sjølv og trudde at dersom ho gjekk ned nokre kilo, ville dei andre like henne betre.

Men det første møtet med snus, var alt anna enn godt:

– Eg vart dårleg, veldig kvalm og svimmel. Det einaste eg hadde lyst på var vatn, og ikkje mat. Slik var det ganske lenge. Etter ei veke hadde eg kome inn i ein veldig dårleg matrutine, og eg kunne gå 1–2 dagar utan å merke at eg var svolten.

Stor auke i unge snusarar

Snus og røyk kan verke noko appetittdempande. Det aukar dessutan forbrenninga i noko grad. Det bekreftar Sturla Johansen i RUSinfo.no.

Helsedirektoratet stadfestar også at nikotin påverkar forbrenninga. Dei kjenner til at ungdom snusar for å halde vekta.

– Om ein greier å slutte, kan kiloa dermed snike seg på igjen – nettopp fordi forbrenninga normaliserer seg, ifølge Hilde Skyvulstad, avdelingsdirektør for folkehelse i Helsedirektoratet.

Heile 18 prosent av unge mellom 18 og 24 år snusar dagleg, syner tal frå Helsedirektoratet. Dei siste ti åra har det vore ei dobling i talet snusarar. I hovudsak er det den kraftige auken blant ungdom som er årsaka. I dag er det rundt 600.000 personar, 13 prosent, mellom 16–74 år i Noreg som har denne vanen.

Sjølv om fleire snusar no enn tidlegare, er det færre som røyker. Å bytte ut røyk med snus, kan også gi ein stor helsegevinst, syner forsking.

Likar ikkje utviklinga

– Helsedirektoratet likar ikkje utviklinga, men kvifor fleire unge snusar enn tidlegare, har dei ikkje svaret på, seier Erlend Bø, fungerande avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

– Det er vanskeleg å slå fast kvifor det er slik. Men det kan vere at det er ein trend.

Sjølv har ikkje Bø høyrt om folk som startar med snus fordi det skal vere ein måte å gå ned i vekt på.

– Men dersom det er eit rykte at det kan vere slankande, så kan det vere ei medverkande årsak.

Sjølv om stadig fleire unge har vanen med å legge noko på overleppa, så syner ei fersk undersøking at 30 prosent av unge synest snus er flautt.

Snus er heller ikkje bra for helsa, og ein forskingsrapport syner at snus mellom anna kan vere skadeleg for beinbygninga til ungdom.

Mange slit med å slutte

Sjølv om det første møtet med snus var svært dårleg for June, heldt tenåringsjenta fram:

No vil ho åtvare andre mot snus.

– Eg har prøvd å slutte fleire gonger, men eg får det ikkje til. Eg er for avhengig av det, seier 19-åringen, som studerer idrett og trenarrolle ved høgskulen i Sogndal.

Ei fersk undersøking syner at éin av tre under 35 år har prøvd å slutte, men ikkje fått det til.

Erlend Bø i Helsedirektoratet seier det er mange som synest det er vanskeleg å legge snusboksen frå seg for godt.

– Du har fått ein vane kroppen var vent seg til. Men det er også mange som greier å slutte, men det krev litt innsats. Det kan også vere greitt å snakke med legen sin og få hjelp der.

Han anbefaler også appen Slutta.

Meir normalt forhold til mat

I dag har June eit betre forhold til seg sjølv og kroppen sin, sjølv om ho veit at ho ikkje et så mykje mat som ho burde.

Ho vil gjere det ho kan for å dumpe den vesle boksen.

– Kva tenkjer du om at denne «slankemetoden»?

– Ikkje bra i det heile tatt. Eg vil ikkje anbefale dette til nokon, seier June.