– Dette betyr at vi blir høyrt og forstått

Aksjonsleiaren for ny E16 er blitt bombardert med gratulasjonar. – Alle som har stått på og jobba for dette skal klappa seg sjølv på skuldra i dag, seier Laila Himle.

Laila Himle fremst i fakkeltoget for E16

LØN FOR STREVET: For ein månad sidan arrangerte ho fakkeltog for ny veg. I dag fekk ho løn for arbeidet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

For ein månad sidan arrangerte Himle fakkeltog på Stanghelle i Vaksdal kommune. Der fortalde ho kor redd ho er for ras langs vegen.

– Det er så mange farar langs denne vegen. Det er som å køyre russisk rulett, sa ho, og kravde ei avgjerd frå samferdsleministeren innan jul.

Og det fekk ho.

I dag kom både Ketil Solvik-Olsen og næringsminister Monica Mæland til Arna i bergen der dei avsløre at det skal byggjast ny veg og jernbane mellom Arna og Voss til ein kostnad på 33 milliardar kroner.

– Den største dagen i mitt virke som ordførar

– Eg må jo berre få seie gratulera med dagen til frykteleg mange. Dette betyr at vi blir høyrt og forstått, seier Himle.

Vaksdal-ordførar Eirik Haga meiner ny E16 og ny jernbane mellom Bergen og Voss gir optimisme for heile regionen aust for byen.

Sjå reaksjonane til ordførarane her:

Regjeringa går for det såkalla K5-alternativet til 33 milliardar kroner for E16 og tog mellom Arna og Voss.

– No ser vi fram til ein trygg veg og ei moderne vossebane, seier Haga.

– Det er sjølvsagt liv og helse som kjem først, men dette vil gje store moglegheiter til auka folketal og det vil gjera det lettare for næringslivet å komma seg fram. Dette er den største dagen i livet mitt som ordførar, seier han.

– Løysinga vi drøymde om

Applausen frå ordføraren kom spontant då han var til stades og høyrde samferdsleministeren fortelje om planane, som gir åtte nye tunnelar og ei kraftig forkorta reisetid Bergen-Voss.

Ordførar Hans Erik Ringkjøb i Voss kommune må vente lenge før heile prosjektet når fram til kommunen hans, likevel er han med i jubelkoret.

– Eg er utruleg glad. Dette er den løysinga vi drøymde om, seier han.

– Dette vil bety regionsutvikling og samfunnsutvikling for alle som bur aust for Ulriken, meiner han.

Miljøvernarar kritiske

Natur og Ungdom meiner det er bortkasta pengar å bruka enorme pengesummar på veg. Miljøorganisasjonen er uroa for klimaeffekten når planen er å byggje firefelts veg ved sida av jernbana.

– Dette er ein håplaus Ole Brumm-tankegang. Ein parallell tog- og vegsatsing vil gjere passasjergrunnlaget til jernbana mindre, og dessutan "ete opp" klimagevinsten ein kunne fått frå at folk heller tok toget framføre å køyre bil, seier 2. nestleiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, som støttar alternativa K3 og K4.

– Dagens E16 kan rustast opp med midtrekkverk og andre trafikktryggleikstiltak. Ein vil få tilstrekkeleg med transportkapasitet gjennom dobbeltsporet, ettersom jernbane er ein langt meir arealeffektiv måte å transportere på enn bilveg, meiner Eiterjord.