Det betyr at både Austevoll og Rubbestadneset vil behalda ruteoplegget slik det er i dag.
Nøgd ordførar
Ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad, er nøgd.
- Det betyr svært mykje for Austevoll. No kan dei sjå positivt på framtida på øyane i kommunen. Eg håpar dette gir grunnlag for vekst på desse øyane. Alternativet ville vore ei total rasering og fråflytting på sikt, meiner han.
Kjempar for båtane
Både vaksne og barn frå Møgster på Austevoll hadde teke seg fri frå skule og jobb for å kjempa for snøggbåttilbodet på Austevoll.
Både Austevoll og Bømlo stod i fare for å få reduserte rutetilbod.
Ingen fotball utan båt
På tysdag skal saka opp i fylkesutvalet, og Mats og dei andre vil få svar på om dei fortsatt kan spela fotball og gå på musikkskule på naboøyane.
- Dersom halv fire-båten forsvinn kan eg ikkje reisa på fotballtrening. Det ville vore veldig dumt, seier han.