Ullensvang kommune er namnet på den nye kommunen i Hardanger. Med ni mot åtte stemmer sa Jondal-politikarane ja til å slå seg saman med Odda kommune og Ullensvang herad frå 2020. Med det har alle dei tre kommunane vedteke samanslåing.
– Krevjande
Gruppeleiar Olav-Magnus Hammer (Ap) har gått i bresjen for den omdiskuterte omkampen i Jondal.
– Det har vore ein krevjande prosess og ein lang innspurt. No ser me fram til å starta samtaler med Odda og Ullensvang, seier Hammer etter det ekstraordinære kommunestyremøtet onsdag kveld.
Representantane frå Arbeiderpartiet, Høgre og Kristeleg folkeparti stemte for samanslåing. Berre Senterpartiet stemte mot.
– Eg må vedgå at eg er litt skuffa, men utfallet er ikkje uventa. Eg er mest av alt trøytt av saka, seier ordførar Jon Larsgrad (Sp).
- Les også:
Splittande prosess
Kommunereforma til Jan Tore Sanner har vore ei opprivande affære for dei 1100 innbyggjarane i Jondal. Eit knapt fleirtal sa nei til samanslåing i folkerøystinga i vår.
– Sjølv om saka er avgjort, betyr ikkje det at alle såra som saka har skapa er borte, sa ordførar Jon Larsgard (Sp) like etter røystinga.
Trass det sprikande svaret frå innbyggjarane hadde Ap, H og Krf bestemt seg for å stemma ja då spørsmålet først kom opp i kommunestyret i mai.
Vararepresentanten melde seg ut
Men då ein av Arbeidarpartiet sine faste representantar var vekkreist på jobb, nytta ein vararepresentant høve til å velta planane.
- Les saka her:
Partiet forsøkte forgjeves å få flydd den faste representanten tilbake frå Nordsjøen med helikopter, men mislukkast. Dermed sikra Torill Endal Svåsand eit knappast mogleg flerital for at kommunen med knappe 1100 innbyggjarar skulle halda fram åleine.
Det velta fleire brikker i spelet om det nye kommunekartet i Hordaland.
Ap, H og Krf nekta å innsjå nederlaget, og har i sommar jobba for å få saka teken opp att. Kritikken mot gruppeleiar Hammer og dei andre reformvennlege lokalpolitikarane i Jondal har difor hagla i sosiale medier etter at Jondal-ordførar Larsgard førre veke måtte innsjå nederlaget og kalla inn til ekstraordinært kommunestyremøte.
– Meiner du at de har følgt folket sin vilje?
– Me meiner me har forstått tala i folkerøystinga rett, når me seier at det var åtte personar som skilde ja og nei-sida, seier Hammer.
– Burde ha vurdert ny folkerøysting
Larsgard deler ikkje vurderinga til Ap-gruppeleiaren, men innser at slaget er tapt.
– Dette var ikkje uventa. No blir det ein annan kvardag framover enn det eg har sett for meg dei siste månadene.
Ordføraren meiner fleirtalet burde ha vurdert å gjennomføra ei ny folkerøysting, denne gongen med berre to alternativ: ja eller nei.
– Kanskje blir såra i befolkninga litt djupare etter måten det no skjedde på, meiner Larsgrad.