Hopp til innhold

Sponheim vil ha ti kommunar i Hordaland

Om fylkesmannen fekk bestemma, ville han redusert talet på kommunar i Hordaland til ti. Men tvangssamanslåing vil han ikkje ha noko av.

Om fylkesmannen fekk bestemma, ville han redusert talet på kommunar i Hordaland til ti. Men tvangssamanslåing vil han ikkje ha noko av.

SPONHEIMS KOMMUNEKART: Slik ser kartet i Lars Sponheim si «faglege tilråing» ut.

Fylkesmennene rundt om i landet har fått i oppdrag av regjeringa å kome med råd om korleis dei meiner kommunekartet bør sjå ut i framtida.

Dei har likevel ikkje noko direkte makt, men Stortinget kan velje å lytte til rådet deira.

Frå før har fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, presentert eit utkast til alle ordførarane i fylket. I dag la han altså fram den offisielle tilrådinga som han vil senda til kommunaldepartementet.

nytt kommunekart hordaland

Ti kommunar

​Sponheim gjentok han at han ikkje vil bruka tvang for å slå saman fleire kommunar enn dei som allereie er einige.

Men han var likevel krystallklar på ein ting: I framtida vil Hordaland ha langt færre kommunar i dag.

Sponheim si ønsketenking er gå frå 33 til ti kommunar i fylket.

Men, han er svært nøgd med at tolv kommunar allereie har blitt samde om å slå seg saman til fem. Særleg nøgd er han med at Sund, Fjell og Øygarden har funne saman vest for Bergen, samt at Lindås, Meland og Radøy har funne saman.

Fylkesmannen si tilråding

Her er den faglege tilrådinga til fylkesmannen, med kommentarar:

  • "Nye Øygarden": Sund, Fjell og Øygarden
  • "Nordhordland": Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen.

– Her har vi tatt med dei andre kommunane som ikkje er blitt samde med nokon. Men det ligg også ein moglegheit for at vi får to kommunar i Nordhordland, kommenterer Sponheim.

  • "Nye Bergen": Bergen, Osterøy, Vaksdal, Samnanger og Austevoll

– Bergen har lenge hatt "ryggen mot aust", men her blir dei tvinga til å snu seg litt. Vi foreslår å ta med Austevoll, på grunn av at det eksisterer ein god del utveksling og samferdsel allereie. Men Austevoll kan også sjå til nye "Bjørnefjorden", foreslo fylkesmannen.

  • "Bjørnefjorden": Os, Fusa og Tysnes
  • "Nye Voss": Voss, Granvin, Ulvik og Eidfjord

– Her forventar vi eigentleg ikkje at det blir noko løysing for Ulvik og Eidfjord. Men dei får forlenga frist fram til 1. desember med å avslutta samtalane på ein god måte.

  • "Nye Ullensvang": Ullensvang, Jondal og Odda
  • "Sunnhordland": Fitjar, Stord, Bømlo og Sveio

– Sveio kan også sjå sørover eller til Etne. Men her foreslår vi ein stor kommune i Sunnhordland, som vil få bortimot 40.000 innbyggjarar.

Held fram aleine

I tillegg foreslår han at følgande kommunar held fram aleine:

  • Askøy

– Askøy oppfyller kriterium aleine og vi har vald å ikkje plassera dei i lag med nokon andre, meiner Sponheim.

  • Kvinnherad
  • Kvam

– Både Kvam og Kvinnherad strekk seg over store areal. For Kvinnherad har det nærast vore ei utfordring i å henge saman med seg sjølv. Kvam har vore utruleg positive til å slå seg saman med andre, utan hell. Men begge kommunane ligg fint for seg sjølve også i framtida.

  • Etne

– Eg trur Etne til slutt vil hamna i lag med Ølen og Vindafjord når «tida er moden for det». Dermed forsvinn denne kommunen til Rogaland.

– Då endar vi opp med ti kommunar. Dei heng naturleg saman, det er riktige folketal og kommunane vil vera robuste nok til å løyse fleire oppgåver på ein god måte. Men vi vil ikkje tvinga denne tilrådinga gjennom, sa Sponheim.

Forkasta vedtak

I september har det rasla med sablane fleire stader i kommunane. Innbyggjarane i Etne og Vindafjord har sagt nei til ei samanslåing, medan eit omstridt nei-vedtak i Jondal er forkasta.

Spørsmålet om ei samanslåing med Odda og Ullensvang skal opp i eit ekstraordinært kommunestyremøte i Jondal i oktober.