Hopp til innhold

Jan-Erik (25) har eitt mål - og aldri har han vore så nær som no...

På eit kjøkken i Stavanger terpar Jan-Erik Hauge på detaljar. Om att og om att. Om knappe tre veker må alt sitje som det skal. Då konkurrerer han om å bli Årets Kokk 2015.

Dalelv og Hauge

ØVER: Jan-Erik Hauge (t.h.) terpar på smådetaljar fram til konkurransen. Her saman med konkurrent Øyvind Bøe Dalelv (t.v.).

Foto: Bocuse d'Or

– Det er den gjævaste konkurransen du kan bli med i som individuell kokk, så det er klart det er stort, seier Hauge.

Han er opphavleg frå Berle i Bremanger, og er ikkje overraskande litt over snittet glad i og interessert i sjømat.

Blir han Årets Kokk, er det eit steg på vegen til inngangsbilletten til hovudmålet hans – kokkekonkurransen Bocuse d'Or i Lyon 2017. Skulle han gå til topps der, vert han andre kokken frå Sogn og Fjordane som vinn den gjæve prisen. I 1999 kunne Førde-kokken Terje Ness juble øvst på pallen.

Er ein av seks kandidatar til konkurransen

Men det skal meir til enn å kunne vispe i hop ein rett eller to for å i det heile tatt bli vurdert som kandidat til Årets Kokk.

– I år måtte ein søkje om å få bli med. Så vurderte Bocusekokkane i Akademiet alle søkjarane, før dei landa ned på seks kandidatar som dei ville ha med vidare, seier Hauge, som er den desidert yngste av dei seks konkurrentane.

Hauge har frå før heiderlege plasseringar i Norgescup for lærlingar, 2.-plass i Årets Sjømatkokk og 2.-plass i Årets Masahirokokk. Han er også nyleg oppteken som medlem i det norske kokkelandslaget.

Men langt der framme lokkar den gylne statuetten som vinnaren av Bocuse d'Or kan ta med heim for å setje på peishylla.

Har kosta eit par forhold

Men satsinga har kosta. Både tid, pengar, krefter og eit par forhold.

– Eg har gitt meg sjølv ti år der eg skal vere i toppen og konkurrere, seier Hauge.

Årets ferie har han brukt på trening, noko i sommar, og resten no, like før konkurransen. Alle detaljar vert terpa på, om att og om att.

– Eg byrjar tidleg om morgonen og driv på til seine kvelden. Terpar, nitrenar og finsliper alle detaljar, seier Hauge.

Jan-Erik Hauge

BRENN: - Eg er levande engasjert og interessert i mat, seier Jan-Erik Hauge, som siktar mot Bocuse d'Or.

Foto: Bocuse d'Or Norge

Kollegaer, venner og kjenningar må dagleg til pers for å vurdere matlaginga hans.

– Eg har eit godt lag rundt meg som hjelper meg og seier meininga si. I tillegg har eg ein assistent som er veldig flink, og som er på juniorlandslaget, seier Hauge.

Har valt oppskrifter både med hjarta og fornufta

13. oktober gjeld det. Då skal han i løpet av fem og ein halv time ha servert første tallerkenrett til 12 personar, og innan seks timar skal begge rettar vere servert.

– Den første retten er ein fiskerett med kamskjel, laks og kråkebolle. Den andre er ei kjøttoppgåve med heil, norsk and. Her skal det også nyttast Hardangereple, seier Hauge.

Oppskriftene kan han ikkje røpe. Men sidan juryen har lagt vekt på identitet, har han valt mykje med kjenslene og hjarta, og litt med fornufta.

– Så står det att å sjå om det treffer ganane til juryen, seier Hauge.