Stemmelokala ved utdanningsinstitusjonane opnar allereie onsdag denne veka slik at studentane kan forhandsstemma.
Ein av tre stemmer
Hensikten er å hindra at me får nok eit val der dei fleste studentane lar vera å bruka stemmeretten sin. Berre ein av tre studentar har brukt stemmretten sin ved dei siste vala i Noreg.
- Det er eit demokratisk problem som me ikkje kan leva med. Me har faktisk ikkje noko anna val enn å satsa på å betra dette, meiner Geir Pollestad i valstyret i Bergen.
Opne stemmelokale
Satsinga er enkel nok. I vekene fram til valet er det opne stemmelokale på Univesitetet, Høgskolen i Bergen og Handelshøgskolen der studentane kan stemme på det partiet dei held mest med.
- Eg veit ikkje om det vil føra til at fleire stemmer, men i utgangspunktet er det veldig positivt, for då kan eg koma meg lettare til stemmelokalet, seier student Pernille Adolfsen.
Politikarane treng studentane
Om ho får dei andre studentane med seg til stemmelokalet vil vekene fram til 12. september gje svar på.
- Politikarane på Stortinget vil få ein lettare jobb å gjera dersom mange studentar stemmer ved valet, seier Geir Pollestad i valstyret.