Hopp til innhold

Avdøde i obduksjons­kø – gravferd utsett på ubestemt tid

– Eit sjokk og ein stor tilleggsbelastning, seier mor. No kan Universitetet i Bergen vere i ferd med å kvitte seg med ansvaret.

Gades institutt

Gades institutt i sentralblokka på Haukeland.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Familien opplevde det verste ein kan tenke seg. Dei mista eit vakse barn.

Men det som har skjedd etterpå har vore ein ekstrabelastning for familien.

Førre veke nådde ikkje Gades institutt å gjennomføre den undersøkinga som er påkravd ved slike dødsfall.

Denne veka har det ikkje blitt utført ein einaste obduksjon ved det patologiske instituttet i Bergen.

No har familien fått beskjed frå politiet at det kan ta tid før dei kan få ha bisettinga.

Det skjer tidlegast i slutten av månaden, men kan dryge til ut i mai.

– Det har store konsekvensar for oss, både kjenslemessig og praktisk, seier mor til den avdøde.

– Barnet mi hadde vener frå mange stader. Det er vanskeleg å ikkje kunne gje eit svar på når dei vil kunne ta eit endeleg farvel.

Kvinna vil vere anonym av omsyn til den sørgande familien sin.

Kjølerommet på Gades institutt

Det er fullt på kjølerommet på Gades.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Underbemanna og overbelasta

På Gades institutt inne i sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus er det stille i salane.

Normalt vert det gjort ein eller to obduksjonar her kvar dag.

Peer Kåre Lilleng er ein av to rettsmedisinarar her.

Peer Kåre Lilleng, rettsmedisinar

Peer Kåre Lilleng er ein av to rettsmedisinarar att på Gades.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er mykje ekstraarbeid og mykje dårleg samvit for at ein ikkje får alt gjort.

No er det åtte til ti avdøde i «kø» medan rettsmedisinarane har heilt naudsynt undervisning.

Lilleng meiner det er krise no.

– Og det er ei varsla krise. Vi har lenge vore underbemanna. Dette er arbeidsgjevar sitt ansvar.

Det er Universitetet i Bergen som har ansvaret for drifta.

Dekan Per Bakke seier dei lenge har prøvd å tilsetje fleire patologar.

– Det er vanskeleg å få folk med denne kompetansen. Lønsvilkåra UiB kan tilby er ein del av utfordringa, seier Bakke.

Per Bakke, dekan på medisinsk fakultet, UiB

Per Bakke, dekan på medisinsk fakultet, UiB

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Frå universitet til sjukehus

UiB voner no å kunne kvitte seg med heile problemet.

Dekan Bakke seier dei i neste veke vonar å kunne starte sluttforhandlingane med Helse Bergen om å ta over ansvaret for Gades.

På Haukeland er det kring 30 patologar tilsett i dag. Vona er at dette vil skape eit meir robust fagmiljø, og gjere det lettare å rekruttere.

I resten av landet er dei tilsvarande institutta underlagde sjukehusa, og ikkje utdanningsinstitusjonane.

Rettsmedisinar Lilleng er samd i at dette er ei god løysing.

– Men det vil ta tid før alt er på plass. Det er framleis store utfordringar å løyse på kort sikt.

Mellom dei som har løfta opp misnøya med Gades institutt er BT gjennom fleire artiklar.

Sinne og frustrasjon

Dekan for medisinsk fakultet Per Bakke seier han vil orsake for situasjonen for alle dei pårørande som no må vente for å få sine kjære til siste kvilestad.

Men mora som ventar på barnet sitt har vanskeleg for å forstå korleis ein kan komme i den situasjonen som er no.

– Det er som ein peikeleik der ein skulder på andre. Men det er jo ein skandale, seier ho.

Kvinna seier dei har kjent på sinne og frustrasjon medan dei i sorga har prøvd å få klare svar på kva som vil skje.

– Alle forstår sjølvsagt at det verste for oss er at vi har mista nokon vi er glade i. Men dette er ei enorm ekstrabelastning vi gjerne skulle ha vore forutan.

Kjølerommet på Gades institutt

Det er fullt på kjølerommet på Gades.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK