Av John Gunnar Skien og Asle Hella
- Det vert færre hordalendingar i den nye regjeringa enn i den avtroppande Bondevik-regjeringa, meiner politisk redaktør i Bergens Tidende, Trine Eilertsen.
Ho trur ikkje at SV eller Senterpartiet får inn nokon frå Hordaland, sjølv om lokalpartia har sine kandidatar klare.
Ledige jobbar i 19 departement
19 statsråd-jobbar skal fordelast, kanskje fleire viss departementstrukturen blir endra.
I tillegg må ein jo ha tilsvarande mange statssekretærar og politiske rådgivarar.
Ministerkandidatane
Dei rødgrønne partia i Hordaland har sagt kven dei meiner er dei rette. Totalt 21 personar.
Statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen? Foto: NRK
SV har to kandidatar.
- Ågot Valle og Audun Lysbakken, seier fylkesleiar Jørgen Melva i Sosialistisk Venstreparti.
Senterpartiet har elleve kandidatar, men røper berre eit namn.
- Magnus Stangeland, seier fylkesleiar Sigrid Brattabø Handegard i Senterpartiet.
Arbeidarpartiet har åtte kandidatar, men røper ingen namn.
Hordaland kan ikkje rekna med å få meir enn eit par statsrådar, trur Melve i SV.
- Hordaland har ti prosent av folket i Norge. Får me to-tre statsrådar bør me vera nøgd, seier han.
Trur på ein statsråd-post
Det blir færre hordalendingar i Stoltenberg si nye regjering enn i den sittande Bondevik-regjeringa, trur politisk redaktør i Bergens Tidende, Trine Eilertsen.
- Ein, eller i beste fall to, seier ho.
- Kven blir det?
- Olav Akselsen eller Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Eilertsen trur ikkje Senterpartiet eller SV har aktuelle statsråd-kandidatar frå Hordaland.
Ho reknar dessutan med at Trøndelag vil komma betre ut totalt sett. Dei får fleire regjeringsmedlemer enn Hordaland.