Hopp til innhold

Jakob (17) blei lokka av å sjå på dei aller beste

NAUSTDAL (NRK): Då den unge eikefjordingen viste interesse for vektløfting, nærast kasta landslagstrenaren seg over han. – Det er sjeldan vi får tak i slike typar.

Jakob Endestad saman med trenar Gunnar Reiakvam

GOD OPPFØLGING: Jakob Endestad kjenner seg godt teken vare på av trenar Gunnar Reiakvam.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I eit smekkfullt treningslokale i Naustdal følgjer trenar Gunnar Reiakvam nøye med på løftinga til Jakob Endestad. 17-åringen er ein av dei nyaste tilskota i Tambarskjelvar, den beste vektløftarklubben i Norge.

Som klubb- og landslagstrenar har Reiakvam solid erfaring med å jobbe med store talent. No kjenner han seg trygg på at han har funne eit nytt.

– Jacob er ein fantastisk flott type. Han har fysikken i orden, er rask å springe, spenstig og tek teknikken veldig lett. Han kan bli ein fantastisk god vektløftar, om han berre bestemmer seg for det.

Frå hobby til satsing

Eit halvt år etter EM i vektløfting i Sunnfjord, blomstrar det godt i det lokale vektløftarmiljøet. Før, under og etter meisterskapen vart det lagt ned mykje innsats i å spreie kunnskap og interesse for idretten.

Jakob Endestad hadde med seg heile familien på dugnadsarbeid under meisterskapen, og på løfteskulen i etterkant av EM vart han biten av basillen.

– Eg har drive med styrketrening sidan åttandeklasse, så eg har trent ei god stund. Men eg har ein del å hente på teknikken, seier 17-åringen.

Jakob Endestad

STORT TALENT: 17-åringen frå Eikefjord får skryt for å ha både sterk fysikk og god koordinasjon. – Det er sjeldan vi får tak i slike typar, som tek ting så lett, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vann NM på første forsøk

Under Reiakvam sine venger har nykomlingen alt fått testa kreftene sine. På NM i vektløfting 5-kamp for tre veker sidan vann Endestad like godt heile greia.

– Det var uventa, men kjekt, gliser han.

I 5-kamp konkurrerer utøvarane i vektløftarøvingane rykk og støt, i tillegg til 40-meter med liggande start, kulekast bakover og stille hopp med samla bein. Reiakvam meiner NM-sigeren berre er starten for den unge utøvaren.

– Når du blir best i landet i 5-kamp, så viser du at du er ein fantastisk god idrettsmann.

Blir spådd lysande framtid

Trenar Gunnar Reiakvam

IVRIG: Trenar for vektløftarane i Tambarskjelvar og på det norske landslaget, Gunnar Reiakvam, er ivrig når han rettleiar dei unge talenta på trening i Naustdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sjølv har ikkje Endestad kome så langt at han har sett seg dei store måla. Iallfall ikkje enno. Han er mest oppteken av at det er moro å trene.

Reiakvam sin spådom om at Endestad kan nå like langt som medaljegrossistane Vebjørn Varlid og Sindre Rørstadbotnen, får fram eit stort flir hos den unge løftaren.

– Eg veit ikkje heilt eg. Eg begynte jo litt seinare enn dei med vektløfting, men vi får sjå kva som skjer, flirer 17-åringen.

Reiakvam er uansett sikker i si sak.

– Eg er heilt sikker på at han kan bli minst like god. Det er eg ikkje det slag i tvil om.