Hopp til innhold

EM-arrangørane får skryt frå presidenten

FØRDE (NRK): – Dette har vore ei veldig, veldig god oppleving for heile den europeiske vektløftarfamilien.

EM i vektløfting

SUKSESS: Dei lokale kreftene i arrangørstaben bak EM får skryt for gjennomføringa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Påstanden kjem frå den europeiske vektløftarpresidenten Antonio Urso dagen før EM i vektløfting blir avslutta.

Stian Grimseth og EWF-president Antonio Urso

NØGD: EWF-president Antonio Urso, her saman med EM-general Stian Grimseth under opninga, rosar arrangørane av EM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han er storveges nøgd med arbeidet både det norske forbundet og dei lokale arrangørane har gjort med arrangementet.

– Eg har snakka med nokre av dei nasjonale forbundspresidentane, og dei har alle berre godord å seie om meisterskapen. Det er to år sidan vi starta prosessen med å realisere denne draumen. I dag er det blitt ein realitet, seier Urso.

Stor oppleving

Meisterskapen som starta søndag har ikkje gjeve norske topplasseringar, men eit proft gjennomført arrangement og stor publikumsoppslutnad har gjeve dei ei stor oppleving.

Torsdag kveld heia kring 1 200 personar fram heimefavoritten Sindre Rørstadbotnen og konkurrentane hans i C-puljen i 105-kilosklassa. Det er ein oppslutnad utan sidestykke i vektløftarverda.

– Vi har rekordoppslutnad i tal deltakarar, og dei har fått ein fantastisk velkomst. Den speglar av at Førde er ein varm stad og folka veldig hyggelege, seier Urso.

Mållause deltakarar

Gunnar Reiakvam og Vebjørn Varlid

MEIRSMAK: EM i vektløfting har tent lysta på fleire meisterskap i Førdehuset, vedgår Gunnar Reiakvam (t.v.). Her saman med Vebjørn Varlid.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Gunnar Reiakvam har mange meisterskap bak seg som trenar, og han har aldri opplevd liknande tilstandar som i Førdehuset. Arrangørane har mellom anna henta inn skuleklassar for å fylle tribunane. Og det har vore lagt ned ein enorm dugnadsinnsats.

– Dette er heilt sensasjonelt. Det er ikkje nokon stad i verda du får ei slik stemning som det har vore her. Publikum har vore fantastisk, og det viser at folk stiller opp og heiar på kvarandre på mindre stader, seier Reiakvam.

– Kva seier deltakarane?

– Dei er berre heilt mållause, dei går berre rundt og gliser. Dei skjønar eigentleg ikkje kva som går føre seg. Det er ingen som har opplevd liknande, seier han.

Vil ha fleire meisterskap

Det er første gongen deltakarane stiller på eit rundt podium. Urso tykkjer forsøket har vore svært vellukka.

– Det ser utruleg flott ut, og gir eit heilt anna inntrykk gjennom TV-ruta. Det norske forbundet og den lokale komiteen har gjort ein kjempejobb, seier han.

– Er det mogleg å toppe dette, Reiakvam?

– Det blir veldig vanskeleg, men neste meisterskap vi skal ha blir endå betre. Det kjem truleg om nokre år. Vi har snakka litt om det i kulissane, men no må vi senke skuldrene før vi eventuelt går vidare med det, avsluttar han.